1. januar 2024 er det 95.860 artiklar på nettleksikonet Setedalswiki.
Godt nytt år! | Blog for Harald (setesdalswiki.no)
26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. På dei snart 14 åra som er gått, har talet altså auka frå 1 til 95.860! Nye kjem til mest kvar dag. Siste døme er ein kort artikkel om husmannsplassen Steingarden på Steinsland i Valle.
Datoartiklar
Av dei 95.860 artiklane er rundt 81.400 datoartiklar; ein artikkel for kvar dag frå 1. januar 1800 fram til i dag. Dei fleste av desse artiklane er «autogenererte», og utan anna innhald enn sjølve datoen og ein kalender. Men tid om anna blir det lagt inn historiske hendingar i dei eldre datoartiklane. Eit døme er 11. april 1940. I nyare datoartiklar blir noko av det som har skjedd i Setesdal den dagen skrive inn, så langt ein av dei som skriv på wikien er kjend med hendinga. Etter kvart blir datoartiklane difor eit slags historisk arkiv over mykje av det som har skjedd av smått og stort i Setesdal.
Ordinære artiklar
Dei rundt 14.500 andre artiklane er om alle slags tema. Det er ein stor og innhaldsrik artikkel om Setesdal. Det er også hovudartiklar om alle kommunane i dalen. Riksveg 9 og Otra er andre større artiklar. Det er eit stort tal med artiklar om personar, og svært mange artiklar om ulike verksemder i dalen. Kulturminne er det mykje om, og ikkje minst er det ei enorm mengde med artiklar om geografiske emne (vatn, dalar, elver, fjell, osb.). Det er også etter kvart skrive mange artiklar om emne utanfor Setesdal, men som på eit eller anna vis er knytta til dalen.
Bilete på Setesdalswiki
I mange av artiklane vert det lagt inn eit bilete for å illustrere kva artikkelen gjeld. Det kan vere til dømes eit portrettfoto av ein politikar eller bedriftsleiar, eller eit bilete av fjelltoppen som er omtalt. Det er lagt inn over 5.000 så langt. Såleis er Setesdalswiki også eit verdifullt biletarkiv for Setesdal.
Les meir om korleis Setesdalswiki fungerer
Blir Setesdalswiki brukt?
I april 2020 var det 38.000 besøk og 12.000 unike gjestar (ulike datamaskiner) innom Setesdalswiki. Det gir eit gjennomsnitt på 1200–1300 besøk kvar dag den månaden. Truleg hadde dette samanheng med korona-pandemien, og ekstra mange søk etter nyhende. I oktober 2022 var det 18.000 besøk, eller mest 600 kvar dag i gjennomsnitt. Det har vore ein litt «tråare» periode den siste tida, men likevel rundt 500 besøk kvar dag som eit gjennomsnitt. Det er ikkje tvil om at Setesdalswiki fyller eit behov, både når det gjeld nytte og kanskje glede.