Setesdalswiki er eit nettleksikon, drive på dugnad av frivillige skrivarar, med Harald Haugland som ansvarleg administrator.
Wikien er bygd opp med same teknologi som Wikipedia.
Oppstart i 2009
26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. På dei snart 16 åra som er gått, har talet auka frå 1 til over 97.000! Nye kjem til mest kvar dag. Eit døme er denne korte artikkelen om Nordenåkverna i Åraksbø.
På nettet er Setesdalswiki kanskje etter kvart den staden du kan finne mest stoff frå og om Setesdal. Som oftast er det tale om korte, stikkordsmessige artiklar, slik eit leksikon skal vere. Det er eit opplsagsverk. Det skal – eller iallfall bør – alltid vere oppført ei eller fleire kjelder som opplysningane kjem frå. Dei kan du fordjupe deg i, om du ønsker å vite meir.
Det finst óg nokre meir djuptpløygande og innsiktsfulle artiklar skrive av dyktige skribentar.
Om du søker etter stoff frå Setesdal på til dømes Google, kjem ein artikkel frå Setesdalswiki ofte ganske høgt opp i søkeresultatet.
Ta ein kikk! Framsida til Setesdalswiki
Datoartiklar
Av dei over 97.000 artiklane er rundt 81.800 datoartiklar; ein artikkel for kvar dag frå 1. januar 1800 fram til i dag. Dei fleste av desse artiklane er «autogenererte», og utan anna innhald enn sjølve datoen og ein kalender. Men tid om anna blir det lagt inn historiske hendingar i dei eldre datoartiklane. Eit døme er 11. april 1940. I nyare datoartiklar blir noko av det som har skjedd i Setesdal den dagen skrive inn, så langt ein av dei som skriv på wikien er kjend med hendinga. Etter kvart blir datoartiklane difor eit slags historisk arkiv over mykje av det som har skjedd av smått og stort i Setesdal.
Ordinære artiklar

Dei rundt 14.900 andre artiklane er om alle slags tema. Det er ein stor og innhaldsrik artikkel om Setesdal. Det er også hovudartiklar om alle kommunane i dalen. Riksveg 9 og Otra er andre større artiklar. Det er eit stort tal med artiklar om personar, og svært mange artiklar om ulike verksemder i dalen. Kulturminne er det mykje om, og ikkje minst er det ei enorm mengde med artiklar om geografiske emne (vatn, dalar, elver, fjell, osb.). Det er også etter kvart skrive mange artiklar om emne utanfor Setesdal, men som på eit eller anna vis er knytta til dalen.
Les meir om korleis Setesdalswiki fungerer
Bilete på Setesdalswiki
I mange av artiklane er det lagt inn eit bilete for å illustrere kva artikkelen gjeld. Det er til dømes eit portrettfoto av ein politikar eller bedriftsleiar, eller eit bilete av fjelltoppen som er omtalt. Det er 6.000–7.000 bilete så langt. Såleis er Setesdalswiki også eit verdfullt biletarkiv for Setesdal.
Er Setesdalswiki i bruk?
Setesdalswiki har rundt 500 besøk kvar dag som eit gjennomsnitt. Wikien fyller difor etter alt å døme eit behov, både når det gjeld nytte og kanskje glede.