Vilborg Stubseid Hovet har skrive ei historiebok om Austad sokn som er like spennande som ein kriminalroman!
Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, er boka kalla.
Les meir om Vilborg Stubseid Hovet på Setesdalswiki
Kyrkjene og den utskorne Austadportalen finst ikkje meir, seier Vilborg i føreordet. Ho held fram:
Men sogene er att. Dei er både mange og rike. Og kyrkegarden, med den staselege kyrkjegardsborga, ligg der som eit handfast minne om folkelivet som eingong utspela seg her. Det er for å take vare på dette, me har laga denne boka.
Eg har bare nådd å skumlese i boka før eg nå sit og skriv dette vesle stykket. Ho blei lansert så seint som i går, laurdag 30. november, under jolemarknaden på Ose. Vilborg fortalde så levande om noko av det spennande innhaldet. Ho la til og med inn nokre pirrande salstriks! Ho fekk mange vel fortente godord og blomehelsing frå Hind Helene Harira, dagleg leiar på Setesdalsmuseet, som står som utgjevar av boka.
Innhaldet er som eg alt har vore inne på veldig spennande. Eg har lese litt om dei fleste emna Vilborg er innom frå før. Men i boka går ho grundig til verks, og prøver å få til ei framstilling der det tydeleg kjem fram kva me veit sikkert, kva som er tradisjon, kva som kan vere den mest sannsynlege varianten av tradisjonen og korleis me skal tolke den. Det er verkeleg interessant, lærerik og givande lesing! Heile vegen er teksten følgd av aktuelle historiske bilete og nokre nye.
Litt om innhaldet
Vilborg tek til med eit føreord og ei innleiing. Så gyv ho laus på historia om den første stavkyrkja på Austad, som stod der frå ca. 1200–1668. Ho held fram med tømmerkyrkja som avløyste stavkyrka. Tømmerkyrkja stod til 1878. Den nye kyrkja som då blei sett opp kom som me veit på Tveit, på andre sida av Otra, i 1880.
Etter kyrkjene står den fantastiske historia om Austadportalen for tur. Så følger eit særs interessant kapittel om den gamle kyrkjegarden, med det forunderlege klokketårnet me kan sjå på Austad den dag i dag. Dette kapittelet avsluttar Vilborg med den fine historia om Eystein Greibrokk og alle hjelparane hans, som nå hausten 2024 endeleg er ferdige med å restaurere den gamle kyrkeborga.
Levde liv
Sist i boka kjem ein omfattande bolk med omtale av nokre av dei mange menneska som har sett merke etter seg i Austad sokn.
Her får me høyre om den store sogemannen Olav Eivindson Austad (1843–1929). Me får vite mykje meir om den tyske obersten av tysk høgadel, Christian von Koss (1698–1758). Båten han sat i kvelva i Storstraumen. Han kom seg på land, men døydde same kvelden. Meisterspelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875) får brei omtale.
Det er veldig fint, tykkjer eg, at Vilborg tek med historiane til to sterke kvinner, Ingebjørg Ose (1799–1873) og Anne Drivsli (1757–1829). Ingebjørg var ei sjølvstendig gardskone, gift med Dreng Eivindson Uppstad, bror til «Uppstad-kjempa» Bjørgulv Uppstad. Anne var ei fattig husmannskone som budde langt inne på Austadheia, og «aldri gav seg!»
Drapet på Sordal
Mot slutten av boka les me om antihelten og kjendisen Håvår Heddi. Det er eit stykke om skrivaren på Heistad, Mats Pedersen (d. 1669), som bygde den forunderlege, svære tømmerbygningen – Storstoga – som i dag står midt i sentrum på Ose. Og heilt til slutt, på særs treffande vis, fortel Vilborg den sørgelege historia om den tragiske slutten på liva til Sigurd Eivindson Sordal (1770–1798) og Rannei Olsdotter Hegland. Sigurd drap Rannei på Sordal 4. februar 1798. Rannei var gravid, og Sigurd var far til barnet ho bar på. 6. november same året blei han avretta ved halshogging. Kva er sant og kva er dikting i soga om Sigurd Sordal?
Ei særs spennande bok!
Eg har ikkje nok kunnskapar om det Vilborg skriv om til å vurdere kvaliteten på innhaldet på ein rettvis måte. Eg tykkjer «bare» for min eigen del at det er utruleg spennande stoff ho skriv om, på eit nydeleg nynorsk som er lett å forstå for meg som lesar. Teksten er delt opp med høvelege overskrifter og passande avsnitt, som lettar lesinga. Eg får lyst til å gå og kikke nærare på, eller iallfall få vite meir om, desse historiske stadene, hendingane og menneska ho skriv om. Det er også veldig «gøy» når Vilborg tek for seg den gamle historia, og grundig forklarer kva me veit sikkert og kva som heller må må vere tradisjon og lokale segner utvikla gjennom årtidene. Det er mykje i dei gamle kjeldene som ikkje er heilt «sant».
Samarbeidsprosjekt
Utgjevinga er eit samarbeid mellom Vilborg Stubseid Hovet, Setesdalsmuseet og foreininga Austad Gama. Agder fylkeskommune, Bygland kommune og Bygland mållag har gjeve økonomisk stønad til trykking av boka. Mange institusonar og enkeltpersonar har bidrege med kommentarar, nyttige inspel og oppmuntring. Ei spesiell takk sender Vilborg til Setesdalsmuseet som står for sjølve utgjevinga, og i tillegg har stilt fagpersonen Leonhard Jansen til disposisjon. Leonhard har vore historisk konsulent, språkkonsulent og biletleverandør, prosjektkoordinator og redaktor, og gjort manus med illustrasjonar ferdig til trykkeriet.
Boka kostar bare 300 kroner. Ho er på 324 sider inkludert registera bak i boka. Du får kjøpt henne på Norli Evje og mange av butikkane i Bygland og Valle. Å døme etter pågangen frå ivrige kjøparar på Ose i går, må du henge litt i for å sikre deg eit utgåve av 1. opplaget.