«Sirkus Moi» med stadig nye påfunn på Urdi Gard!

Ei vippsebu, oppdrett av lundehundar og utkøyring av egg og andre varer i Bygland er bare nokre av prosjekta Kristin og Pål Moi på Urdi Gard i Åraksbø er i gang med. Eg hadde gleda av å stikke innom Kristin og Pål for eit par dagar sidan, då eg likevel var forbi Åraksbø i eit […]
Spennande bokprosjekt om Hovassåna

Me er ein liten gjeng med lokale entusiastar som er godt igang med å skrive bok om dei mange og spennande kulturminna og aktivitetane knytta til Hovassåna i Åraksbø. Elva renn frå det svære Hovatn oppe i heia ned til Åraksfjorden. «Me», ja det er Bjarne Nordgarden, Knut Haugetveit, Knut Gakkestad, Olav Øygarden, Olav Lidtveit […]
Fransk konfekt og ekte kjærleik

Eigentleg skulle Olav Lidtveit kunne sjå attende på ei lang og trugen teneste som offiser i Hæren. I Forsvaret. Det norske. Tekst/foto: Øystein Moi Lagnaden ville det annleis. Kjærleiken til heimbygda, og drøymen om det gode og frie livet på landsbygda vart avgjerande. Feltuniforma vart send til kjeldesortering. Kaptein Lidtveit dimmiterte i det stille. Utan […]
Åraksbø – bygda som vant mot tida!

Trass i «bygdedød» og dystre spådomar om framtida til landsbygda, opplever Åraksbø i Bygland ei blømingstid. I november 2003 skreiv Johs. Bjørkeli ei fin sak i Fædrelandsvennen om Åraksbø – bygda som tapte mot tiden. Opp mot 300 menneske skal det ha budd i bygda rundt 1950. I 2003 var talet redusert til under 50. […]
Årdalsvegen – fin køyretur i nydeleg heieterreng!

Dette er ein privat skogsbilveg som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Åraksåna (Tovdalselva) i Årdalen. Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i Tovdal. Dette er eit større, samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. […]
Ein liten hyllest til Åraksbø

Eg har setta saman eit lite hefte med landskapsbilete frå Åraksbø. Det er min vesle hyllest til denne vakre grenda, der landskapet er så umåteleg fint. Heftet har eg kalla Åraksbø – eit smykke i Setesdal. Det kom til etter eit innfall, ein kveld eg las ein gamal avisartikkel frå 2003 der Åraksbø er omtala […]