Hovassåna – Skrikarjuvet

Fossefall i Hovassåna i Skrikarjuvet. Foto.

Trass i det litt «brutale» namnet, finst det små idyllar overalt i Skrikarjuvet! Skrikarjuvet er eit smalt og djupt juv som Hovassåna renn gjennom før ho munnar ut i Åraksfjorden. Juvet er fullt av kjempestore, mosegrodde steinar, nedramla tre og busk og kratt, og helst litt tungvindt å ta seg fram i. Men her blei […]

Stemmen til Åmdal sag

Stemmen i Klepslandsåna i Åmdalen 9. juli 2024. Foto.

Det står att ein gamal stem i Klepslandsåna i Evje, i Åmdalen rett nedom Rassevete. Stemmen samla vatn til Åmdal sag, som må ha stått under den vesle fossen her. Olav Raudstøl eigde saga. «Ei tid gjekk 2–3 hestar jamnt med plank frå dette bruket. Saga sveiv på sitt beste i åra før fyrste verdskrigen», […]

Otra – Straume

Otra forbi Straume og den gamle landbruksharven. Foto.

Otra forbi Straume i Hylestad er både mektig og ein liten idyll! Eg synest landskapet er veldig fint forbi Hedde og Straume i Hylestad. Ofte har eg hatt det mektige Straumsfjødd som siktemål når eg har fotografert i det området. Fjellet som stig så stupbratt opp frå dalbotnen er verkeleg eit spennande motiv. Men ein […]

Vestre Hodne i Hornnes

Vestre Hodne sett over Otra frå Austre Hodne 2. mai 2024. Foto.

Garden ligg ved breidda av Otra, og er nabogard til Austre Hodne i Iveland. Biletet er teke frå Austre Hodne. Me ser i nord-vestleg retning over Otra mot Brotet og Hodnemoen (bakerst). Vestre Hodne er gnr. 25 i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg altså heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund, i det som iallfall […]

Linbekk bru – Øvrebø

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.

Linbekk bru ligg på Reiersdal i Øvrebø, og var ein del av den gamle setesdalsvegen. Brua er ei steinkvelvbru, bygd i 1861. Ho var i bruk til 1887 (eller 1884). Då blei vegen lagt om i Lintjønnkleiva, og kom meir i det området Riksveg 9 ligg i dag. Dei gamle bruene er fantastisk fine fotomotiv! […]

Bjønnebua – Mjåland

Bjønnebua. Foto.

Bjønnebua på Mjåland er eit prioritert kulturminne i Åseral. Bua står altså på Mjåland, langs Fylkesveg 455 mellom Sveindal og Kylland.  At det er eit prioritert kulturminne betyr at det har stor lokal verdi, men ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa, heiter det i kommunen sin kulturminneplan 2020–2025. Bua skal vere frå 1700-talet. Ho fortel «…om […]

Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!

Tveitetunet 26. desember 2023. Foto.

Ein del av hovudbygningen i friluftsmuseet Tveitetunet i Valle har vore under restaurering sidan 2017. Sommaren 2023 blei den restaurerte delen setta opp igjen.  Målet er å kunne få til ei opning i 2025, seier Setesdal bygningsvern- senter. Eg var og kikka meg rundt i Tveitetunet 2. juledag, 26. desember. Det var verkeleg stas å sjå […]

Kveld over den gamle husmannsplassen

Husmannsplassen Hagen i kveldsmørket 28. november 2023. Foto.

Den gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit populært fotomotiv. Her er eit sjeldan bilete av husmannsstoga i kveldsmørkret. Eg gav ut eit heilt lite hefte med bilete frå dette «berømte» og sjeldne kulturminnet i Setesdal for ei tid sidan. Der er det med eit bilete tatt i skumringa. Men ingen heilt i […]

Storstraumen frå ein annan ståstad

Storstraumen er eit av dei finaste og best kjende kulturminna i Bygland. Biletet her er frå ein annan vinkel enn dei mest vanlege. Dei fleste går nok ikkje inn under den vakre steinkvelvbrua frå 1915 for å fotografere. Men eg har vore forbi Storstraumen mange gonger for å kikke etter fine motiv. Då er det […]