To gamle kvernhus langs Gryte på Harstad i Valle 26. oktober 2025. Huset t.v. skal vere Nistog Harstad sitt. Alder er usikker. Men det er mange innskrifter frå andre halvdel av 1800-talet og 1900-talet. T.h. Systog Harstad. Ved SEFRAK-registrering i 1977 er bygget tidfesta til rundt 1850. Foto: Geir Daasvatn
Harstad

Valle

Kvernebekken Gryte i Valle

Tilbake i tid var det alt-i-alt minst 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle. Sju av dei står framleis att.

Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva.

Det blei male matmjøl og malt til ølbrygging. Til husdyra grøypte (grovmol) dei kornet. I kultursoga for Valle kan du lese mykje meir om kornet og vegen frå åkeren til kverna. I den nye boka til underteikna m.fl., Hovassåna – krafta i elva, er det eit stort kapittel om kvernhusa og mykje bakgrunnsstoff om denne prosessen.

Stykket held fram under biletet

Den nedste av dei sju kvernhusa som står att langs Gryte. Det skal vere kverna til gardsbruket Rota, Rike. I SEFRAK-registrering i 1977 er byggeår rundt 1850 oppgjeve. Foto: Geir Daasvatn

Kvernhusa ved Gryte

Gryte renn frå Stavedalen oppe i heia og vestover ned dalsida gjennom gardane BrottveitTveiten og Harstad og ut i Otra frå aust. Her var det altså ei tid heile 13 kverner i følge plakat/oppslag på staden. På Miljødirektoratet sitt Naturbase Kart er det registrert 14 kverntufter etter det eg kan sjå. I tillegg til dei nemnte gardane hadde fleire andre gardar kverner her.

To av dei gamle kvernhusa langs Gryte (2025). T.v. ligg kvernhuset til Bakken, Harstad. Det er truleg bygd før 1800 er det notert i SEFRAK-registrering frå 1977. T.h. ser me kverna til Nordigard, Åkre. Ein stokk over døropninga skal ha årstalet 1787 rita inn i seg. Foto: Geir Daasvatn

På Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo står eit kvernhus frå Harstad der året 1563 er rita inn i ein stokk. Langs Gryte har det såleis vore kverner i minst 450 år! Men kvernhusa er nok skifta ut både ein og kanskje fleire gonger. Nokre gonger var det naudsynt å byggje opp att kvernhus som var teke av flaum og uvér. Den «normale» slitasjen på husa var òg stor. Dei stod i eit blautt og hardt miljø og var nok svært utsette for rote og andre skader.

Frå 1700-talet

Det står fem kvernhus att langt nede langs bekken, der den flotte turstigen Kvernhusvegen tek til. Dei var i bruk til 1950-talet og er seinare restaurerte, står det på eit informativt skilt der. Årstal som er rita inn i stokkane og utforminga syner at kvernene her er frå før år 1800. Det avvik noko frå alderen som er oppgjeve i SEFRAK-registeret. Kva som er rett skal ikkje eg seie.

Lenger oppe, oppforbi Nordigard Tveiti, står også eit fint restaurert kvernhus. Det siste som framleis står ligg like oppforbi brua over Gryte oppe på Brottveit. I alt er det såleis sju kvernhus att langs bekken.

Stykket held fram under biletet

Kvernhuset nord-aust for Tveitetunet 14. november 2025. Det høyrer til Nordigard, Tveiti. Eldste innskrifta som er funne i tømmeret er 1881. Foto: Geir Daasvatn

Unik kvernkultur i Setesdal

I Melding frå Bekkekvernutvalget 1955–1965 heiter det, med stor fagleg tyngde:

Setesdal er for øvrig et kapittel for seg når det gjelder disse kvernsakene. I denne dalen var en rekke bekkekverner i bruk så sent som i 1940- og 1950-årene, og neppe noen steder i vårt land har «kvernkulturen» nådd så høyt som her. En del av Setesdalskvernene er rene mesterverk hva lafteteknikk og utførelse ellers angår.

Om du tek deg ein tur langs Kvernhusvegen i Valle, kan du sjå desse kunstverka på nært hald! Du kan parkere bilen borte ved skuleområdet, og gå dei få meterane langs Harstadvegen fram til turvegen og kvernhusa.

Kjelder

  • Plakat/oppslag ved starten på Kvernhusvegen
  • Geir Daasvatn m.fl., Hovassåna – krafta i elva, utgjeve av Geir Daasvatn Foto & Forlag, 2025
  • Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 107 flg.

Du vil kanskje også sjå

Kvernhus på Brottveit, lenger oppe i bekken. Det høyrer til bruket Der nord. Truleg er det bygd etter 1850 i følge SEFRAK-registrering frå 1977. Foto: Geir Daasvatn (2019)

Fleire kvernminne

Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Nistog-kverna på Rygnestad
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kornet
Kvernene på Sordal
Kvinnebekken på Dale
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kverntufta under Håtveitfossen
Kvernhuset i Lislestog
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.