«Korn og brød har ein heilt spesiell posisjon i kulturen og historia vår», skriv Oddvar Moen i den spennande boka Hægeland møllehistorie 1918–2018. Kornet har vore dyrka i Noreg
i 5 000 år eller truleg endå meir.
«Folk i Aust-Asia kokte villkorn for 18 000 år sidan, i Afrika for 12 000 år sidan [—]», heiter det i den eineståande Kornboka, skrive av Åsmund Bjørnstad (s. 15).
For kring 10 000 år sidan skjedde det ein «jordbruksrevolusjon» i verda. Menneska byrja å temme dyr til husdyr og dyrke korn. Før det levde folk av jakt og sanking. Dette framsteget er ei av dei viktigaste hendingane i menneska si historie. Opphavet var i det området me i dag gjerne kallar Midt-Austen. Denne fyrste utviklinga av jordbruket, både i verda og i Noreg, er inngåande skildra i jubileumsboka Korn er liv, utgjeve til 50-årsjubileet til Statens Kornforretning. Boka finst i elektronisk form hos Nasjonalbiblioteket (nb.no). Eg må spesielt ta med den nemnde Kornboka, eit meisterverk som fortel brødet og ølet si historie.
«Dei første menneska byrja truleg å vandre i Setesdalsheiane for om lag 9 000 år sidan», heiter det i ein artikkel Leonhard Jansen har skrive i Spor i Setesdalsjord (s. 25). Dei var veidefolk på vandring. På Breive i Bykle, heilt opp mot høgfjellet, er det funne spor etter husdyrhald frå kring 2800 f.Kr. På same tida dyrka dei korn der oppe. Truleg var jordbruket då drive på nomadisk vis. Det var svedjebruk, der dei brann skogen og dyrka korn i nokre få år før dei flytta vidare til ein annan stad. Eit samanhangande jordbruk i Setesdal kom kanskje rundt 1500 f.Kr. Korndyrking av eit visst omfang kom fyrst om lag 500 f.Kr.
Stykket held fram under biletet

Maling av korn
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl.
Skrubbekverna
I steinalderen mol dei ved å legge kornet mellom to flate steinar og skrubbe med den øvste. Denne primitive metoden utvikla seg vidare til ei noko meir forseggjort skrubbekvern. Det er det eldste «apparatet» me kjenner til å male korn med. Ein understein, ofte litt uthola, ligg i ro under arbeidet. Den andre steinen, oversteinen, blir halde i handa og ført fram og tilbake.
Handkverna
Skrubbekverna utvikla seg til den roterande handkverna, der den øvste steinen kunne dreiast rundt med handmakt. Rundt 300 f.Kr. hadde dreiekverna erstatta skrubbekverna (Kornboka, s. 134).
Det var tungt å male korn med handmakt. Så langt i utviklinga tyder kjeldene likevel på at dette helst var arbeid for kvinnene.
Vasskverna

Men så kom eit stort omslag. Menneska skjønte etter kvart at dei kunne utnytte vasskrafta til å drive denne prosessen. Dei tok til å bygge enkle vasskverner. Vassmølla skal ha blitt oppfunnen i Vesle-Asia rundt 250 f.Kr.
Grovt sett var det to ulike måtar å utnytte vasskrafta på: Anten ved ein kvernkall eller ved eit vasshjul med horisontalt liggande aksel.
Romerane utvikla vassmølla vidare. Men Romerriket gjekk som me veit under. Kvernkunnskapen blei ført vidare av klosterordenane (Kornboka, s. 147).
Den fyrste norske vasskverna er nemnt i 1147 ved Nedre Foss i Akerselva i Oslo. Ei anna veldig tidleg kjelde for vasskverner er eit pavebrev frå 1209. Då hadde dei nok alt vore i bruk ei god stund, kanskje i klostera eller hos einskilde stormenn som hadde mykje folk på garden. Dei er omtalte i Magnus Lagabøte si bylov av 1270 i Bergen. Fyrst no, etter at arbeidet var blitt mekanisert, blei kornmaling eit vanleg arbeid for mennene.
På 1300-talet spreidde vasskvernene seg til større gardar. Etter kvart blei dei vanlege hos bønder flest som hadde vassrett. Rundt 1830 var det kanskje opp mot 30 000 vassdrivne gardskverner i Noreg. Bernt Karlgård seier i føreordet til Bygdemøllene i Norge at maling av korn er vårt lands mest tradisjonsrike bygdeindustri.
Smått om senn tok større møller over. I 1919 var talet på mindre gardskverner gått ned til under 8 000. I Setesdal var det same året registrert 218 gardskverner og to bygdemøller. Berre to år seinare, i 1919, skal talet på gardskverner i bruk ha sunke til 4 800. I dag er dei aller fleste gardskvernene borte.
Kvernene i Setesdal
Nøyaktig når dei fyrste kvernhusa kom i Setesdal er truleg gøymt bak historiens slør. Fyrste gong ei kvern er omtalt i eit skriftleg dokument i dalen skal vere i samband med ein eigedomshandel i Bykle rundt 1505. Då selde Askild Gunnarson kvernfallet sitt og buvegen til Bjørn Jonson Byklum. Det aktuelle kvernfallet måtte vere i Kvinnebekken i Bykle kyrkjebygd, skriv Aasmund Tveiten i ein artikkel i Jol i Setesdal (2000, s. 34) om vasskraftutnyttinga i Kyrkjebygda i gamle dagar. På Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo står eit kvernhus frå Harstad i Valle der året 1563 er rita inn i ein stokk. Kvernhuset som i dag står på Bygland Museum, frå Øvre Søgarden på Lauvdal, skal vere 300 år gamalt. Så langt tilbake som dei skriftlege kjeldene går, som oftast til byrjinga av 1600-talet, ser me at no var det vanleg med gardskverner.
Når me kjem fram til 1700-talet, var det svært vanleg at kvart gardsbruk hadde si kvern (Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, s. 356).
Kvern på kvart eit gardsbruk
«Ei kvern på kvart gardsbruk.» Ja, slik tykkjest det å ha vore i heile Setesdal. Truleg var det ingen annan stad i heile landet der dei små gardskvernene var like einerådande som i Setesdal (Bygdemøllene i Norge, s. 266).
I ei anna kjelde er det med stor fagleg tyngde sagt slik (Melding fra Bekkekvernutvalget 1955–1965, s. 13):
Setesdal er for øvrig et kapittel for seg når det gjelder disse kvernsakene. I denne dalen var en rekke bekkekverner i bruk så sent som i 1940- og 1950-årene, og neppe noen steder i vårt land har «kvernkulturen» nådd så høyt som her. En del av Setesdalskvernene er rene mesterverk hva lafteteknikk og utførelse ellers angår.
I heile Setesdal er det no kanskje ikke meir enn 40–50 kverner eller noko slikt att langs elvane og bekkane der dei ein gong stod. Nokre fleire kvernhus er teke vare på og finst framleis på gardane rundt om i dalen. I tillegg kjem kvernhusa som er flytta ut av dalen og sette opp andre stader i landet. I den nemnde meldinga frå Bekkekvernutvalget er det gjort greie for fleire av desse. Den utgreinga er også ein glimrande stad å hente meir djuptgåande kunnskap om kvernhushistoria i Noreg frå. Ho kan fritt lastast ned som PDF frå nb.no.
Kvifor blei gardskvernene borte?
Det vaks fram krav eller ynskje om finare mjøl. Det kunne ein få frå dei større og betre utstyrte møllene. Kjøpemjølet blei også etter kvart billegare. Det blei meir og meir vanleg å kjøpe mjølet ein trong. Dei gamle vasskvernene var ikkje lenger like viktige. Men dødsstøyten var truleg lova om korntrygd som blei innført i 1926–1929. Kornbonden kunne få korntrygd om han la fram malingskort frå ei mølle som var godkjent av Landbruksdepartementet. Det var mylnarane som skreiv ut slike kort. Malinga gjekk difor føre seg på dei større og godkjente bygdemøllene. Det blei for tungvint å ha kontroll med dei mange små gardskvernene.
Ein tredje grunn kan nemnast. Ut på første halvdel av 1900-talet blei det mykje slutt på å bryggje øl heime. Då blei det òg slutt med å male malt. Kvernene trongst ikkje lenger for dette føremålet.
Skurd og tresking
Før eg går nærare inn på kvernhusa som har vore i Setesdal, og spora etter dei, er det naturleg med ei lita skildring av kva slags bygning kvernhuset eigentleg er og korleis det fungerer. Men lat meg byrje skildringa litt «før» mjølet kjem til kvernhuset.
Det var om å gjere å så kornet tidleg om våren. Den siste dagen det nytta å så var «skoklefallsdagen» (3. juni), heiter det i Leonhard Jansen/Alfred Ryningen, Valle kultursoge (bind VIII, s. 108). Å så var ei særs alvorleg og viktig oppgåve. Som regel var det bonden sjølv som gjorde det. «For det arbeidet kunne ein ikkje lita kven som helst til», er det understreka i Byglands soge (s. 144). Ja, oppgåva var så viktig at bonden som oftast tok av seg lua før han gjekk ut på åkeren med såkorga si. Det var beint fram ei heilag handling.
Bygg
Valle var den største kornbygda i Setesdal. Her var bygget mest einerådande som matkorn. I Bygland sådde bøndene anten reint bygg eller eit «halhevat» korn. Det var ei blanding av bygg og havre. Hos «blåmennane» i Evje og Hornnes var òg byggkornet det mest brukte. Men der som i Bygland brukte dei i tillegg ei blanding av bygg og havre. Det kalla dei for å «kapså» (Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, s. 78).
Skurden
«Kornet var Gudslån, og det hadde alt å seie at avlingi vart god», er det sagt i kultursoga for Valle (bind VIII, s. 108). Etter at det meste av heieslåtten var unnagjort, var det difor tid for skurden. Både kvinner og mannfolk var med i det arbeidet. Det skulle gjerast fint og godt. Ikkje eit strå eller aks låg att på åkeren, når dei hadde festa opp kornet (Byglands soge, s. 158).
Treskinga
Kornbanda stod på staur ute til kornet var tørt. Då blei det køyrt eller bore i hus, inn på løa. Der stod treskinga for tur. På dei fleste gardane var dei avhengige av å male når det var flaum i elva. Treskinga måtte såleis skje før det leid alt for langt ut på hausten.
Treskinga var for å skilje kornet frå strået. Det var eit slitsamt arbeid. Ein stod og slo på kornbanda med ein såkalla flygel. Det var eit enkelt reidskap; to staurar, den eine litt tynnare og lenger enn den andre, som var bundne saman med ei skinnreim. Dette arbeidet kunne gå føre seg heile hausten og gjerne til langt ut på vinteren. Det var både barne-, kvinne- og mannsarbeid.
Treskinga var som sagt eit slit. Men frå 1870-talet kom det ei endring. Det blei laga treskemaskiner. Olav Åsmundsson Lauvdal er sagt å vere den fyrste i Setesdal som laga ferdig ein treskemaskin. Det var i 1870. Tarald Guttormsson Bø i Valle skal ha laga ein treskemaskin i 1877. Ei hestevandring dreiv maskinen. Etter kvart kom fabrikklaga, handdrive treskemaskiner i bruk. Seinare blei også vasskraft brukt til å drive nokre av treskemaskinene. Frå rundt 1910 kom bensinmotorar.
Badstoga

Endå om kornet var tørka ute, var det ikkje tørt nok til å bli male. Den vidare tørkinga skjedde i badstoga. «Det var eit lite hus med jordgolv, utan glas, men med eit lite glugg i det eine brostet, med ein stor steinomn midt på golvet», er det forklart i Valle kultursoge (bind VIII, s. 116). Kornet blei lagt utover nokre breie benkar (padar) om lag midt på veggen. Til vanleg tok det tre–fire dagar med elding før kornet var tørt nok til å bli male.
Stykket held fram under biletet

Kvernhuset
«I mest alle større bekkar og elvar i Setesdal var det kvernhus, og hadde bygda berre ei einaste elv som kunne nyttast til kornmaling, var det gjerne fleire kvernhus i same elva», skriv Svein Hovet i Folkeliv i Setesdal (s. 39). Stryk og fossefall var såleis ein verdfull naturressurs.
Kvernhusa i Setesdal var nokre små, tømra bygningar som mest alltid stod på høge steinpillarar ved breidda av ein bekk eller ei vassrenne på sida av bekken. Dei firkanta bygga var i regelen om lag 3 x 3 m i grunnflate og med eit mønetak på toppen.
«Kverni måtte alltid vera i beste stand. Dei gamle sa: ’Det mætaste som kan høyra til ein gard, er ein god hest og ei god kvern’», heiter det i Byglands soge (s. 159).
Kverna

Inne i kvernhuset var det ei vassdriven kvern. Ho fungerte i korte trekk slik: Ei naturleg eller bygd renne frå ein bekk eller ein dam førte vatn ned til ei vassrenne (slòk). Under kvernhuset var det ein kvernkall, ein tjukk trestokk, som stod vertikalt opp under kvernhuset. Han hadde skovlar nedst. Når vasstrålen frå vassrenna traff skovlane blei kvernkallen drive rundt. Inne i kvernhuset var det to kvernsteinar, over- og understeinen. Kvernkallen var festa i undersida av oversteinen. Understeinen låg fast. Når kvernkallen roterte, roterte også oversteinen.
Kornet blei dryssa ned i kvernauget frå ei kasse over kvernsteinane, via, og blei male mellom dei to steinane. Det ferdig male kornet dryssa så vidare ned i kornkista, som stod føre kvernsteinane.
Ølbrygging
Kornet blei ikke berre male til mjøl, men også til ølbryggjing. Når ein ville ha maltøl var prosessen noko annsleis. Då måtte ein i staden bløyte kornet til det så vidt byrja å spire. Så fekk dei mylnaren til å grøype kornet. Det var å male det med meir grovstilt kvern. Det kunne ein få til ved å regulere og lyfte på oversteinen. I staden for å bli til mjøl blei kornet rive opp i to–tre bitar. Dette grøypet var det dei bruka når dei bryggja ølet (Bygland gard og ætt, bind IV, s. 509).
Meir i litteraturen
Å gå inn på alle detaljar om korleis kvernhusa var utstyrte og fungerte skal eg ikkje gjere her. Fylkesagronom Reidulv Gald hos Fylkesmannen i Hordaland har nøye skildra drifta og funksjonen til kvernhusa i ei utgreiing frå 2003. Skriftet er rikt illustrert. Det finst i elektronisk form. Om du er interessert i å sette deg meir inn i stoffet er det ein fin stad å byrje.
I Norske Bygder – Setesdalen (1921) er kvernhuset omtalt av Gisle Midttun (s. 180–181). Han har også laga nøyaktige teikningar som syner korleis kverna fungerte og kva slags namn setesdølane (valldølane) brukte på dei ulike delane. Nedanfor har eg teke med desse teikningane.
Det er gode skildringar av prosessen med maling av kornet i kultursogene for Bykle, Valle og Vegusdal. Byglands soge har òg ei fin forteljing om korleis dette arbeidet gjekk føre seg og kor viktig det var i det gamle jordbruket. I Vår gamle bondekultur (Visted/Stigum, bind I) er prosessen grundig forklart Noreg sett under eitt.