Låven i Rygnestadtunet i Valle kjem nok ofte litt i skuggen av dei meir berømte bygningane, som Rygnestadloftet, «Trihågloptet» og stogehuset.
Men låven er også ein solid trebygning. Han skal vere oppført på 1800-talet, i følge artikkelen på Wikipedia om Rygnestadtunet. Like etter 1900 blei han bygd på i høgda, det kom låvebru og stallen blei sett under same tak.
Rygnestadlåven er ikkje freda i forskrift, slik dei to lofta og stogehuset blei alt i 1923. Men han er ein viktig del av det gamle gardstunet som i dag er ein av i alt 14 avdelingar i det lengste museet i Norge – Setesdalsmuseet.
Rygnestad museum er stengt (ikkje betjent) for sesongen. Men alle dei spennande bygningane kan du sjå til alle tider av året!
Les meir
- Om Rygnestad museum hos Setesdalsmuseet
- Stykke på Setesdalssida om Rygnestadtunet og andre spennande ting å sjå på ein tur gjennom Setesdal
- Om Rygnestadtunet på Setesdalswiki
- Om Rygnestadtunet hos Visit Setesdal