Dammen til kraftverket 17. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Åraksbø kraftverk

Åraksbø kraftverk var eit privat føretak, eit lutlag med eit styre, ved Hovassåna i Skrikarjuvet frå 1922 til 1939. Kraftverket skaffa straum til gardar og hus i Åraksbø og på Sandnes.

Det blei bygd ein stor betongdam i Hovassåna, nokså rett aust for husa på Nordenå. Frå dammen gjekk det ei røyrgate ned til vassturbinen i kraftstasjonen, om lag 100 meter lenger nede langs elva.

To lokale elektrikarar dreiv kraftverket

Kraftverket kom i drift 1. desember 1922. Knut Vrålson Kåsi og Knut Olavson Åland fekk ansvaret for dagleg drift, tilsyn og vedlikehald. Dei var utdanna elektrikarar. Knut Åland reiste til Canada i 1927. Knut Kåsi var etter det aleine med arbeidet.

Det var eit likestraumskraftverk. Det produserte ei spenning på 110 volt, bare halvparten av det som er vanleg i dag. «Den låge spenninga førte ofte til problem», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind IV, s. 241). «Nokre gonger kunne spenninga bli så svak at det blei mest «måneljost» i stogene», held han fram.

Stykket held fram under biletet

Utlaupet frå kraftverket. Oppe på dei mosegrodde murane stod kraftstasjonsbygningen. Foto: Geir Daasvatn

Økonomiske nedgangstider

Dei åra kraftverket var i drift var ei tid med store økonomiske vanskar. Dei fleste hadde svært lite pengar å rutte med. Problema forplanta seg til kraftverket. Det var vanskeleg å få seld så mykje straum at drifta bar seg. Det var heller ikkje så lett å få betaling for straumen, når dei fleste mest ikkje hadde pengar til anna enn mat.

Aust-Agder Kraftverk tok over

Aust-Agder Kraftverk sette i verk ei stor kraftutbygging i Setesdal frå hausten 1939. Ledningsnettet til Åraksbø kraftverk blei overført til Aust-Agder Kraftverk, som òg overtok levering av straum til abonnentane i Åraksbø og på Sandnes.

Åraksbø kraftverk blei lagt ned og demontert. Maskinane blei selde ut av bygda. Kraftstasjonen, som var bygd av sementblokker, blei kjøpt av Olav Tomasson Gakkestad. Han nytta steinane til å sette opp stall og grunnmur til fjøset sitt.

Eit lite, men spennande kapittel i industrisoga i Setesdal var til endes.

Alle opplysningane er henta frå Reidar Vollen sin omtale av kraftverket i Bygland gard og ætt.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, s. 239–241

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Hanehaug – Bygland
Postvegen – Brennevinskleiva
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Frutti Frøyrak si grav
Nordstemmen – Bygland
Åseral kyrkje
Åmdalskleiva på den første Dalevegen
Byklarloftet – Fennefoss
Heddistoga – Rysstad
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Gjerden – Bykle
Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.