Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend.
Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg treng å selge nokre bøker og hefte først, i den lille verksemda mi, før eg er klar til å gå vidare med neste utgjeving.
Men nå er eg i gang igjen! Av trykketekniske grunnar har eg fordelt Otra gjennom Bygland på tre hefte:
- Hefte 3. Bygland – Langeid til Storstraumen
- Hefte 4. Bygland – Urdviki til Longerak
- Hefte 5. Bygland – Dale til Vassend
Hefte 1 og 2 er dei to bøkene om Otra i Evje og Hornnes.
Hefta er i hendig A-5-format. I dei tre Bygland-hefta tilsaman er det rundt 280 sider.
Seinare håpar eg å kome vidare med Otra-hefte frå Valle og Bykle, og til sist kanskje Otra gjennom Iveland, Vennesla og Kristiansand.
Innlegget held fram under biletet
Otra i Bygland
Gjennom Bygland er det dei to store innsjøane Åraksfjorden og Byglandsfjorden som dominerer Otravassdraget. Størstedelen av bileta mine skildrar difor landskapet rundt dei. Eg har ikkje sett meg føre å skrive heile historia til elva, eller syne fram absolutt alt som finst. Siktemålet mitt er «bare» å syne fram – i bilete – nokre av dei dine stadane eg har sett langs elvelaupet.
Glad i Otra
Eg er blitt glad i Setesdal gjennom dei mange fototurane mine oppover og nedover i dalen. På same viset kjenner eg meg meir og meir knytta til Otra, og alt det elva betyr for meg og for livet i Setesdal i det heile. Det må vel vere rett å seie at ho er livsnerva vår , på mange vis. Eg er i alle høve blitt veldig glad i Otra, og takksam for at eg kan leve livet mitt nær henne.
Målet mitt med Otra-hefta er at me sjølve og gjerne fleire med skal bli endå meir merksame på den utømelege kjelda til glede, trivsel og gode opplevingar det unike fjordlandskapet i Bygland er.