Kilefjorden ved den tidlegare fylkesgrensa mellom Aust- og Vest-Agder 16. oktober 2011. Foto: Geir Daasvatn

Kilefjorden

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra. Opphaveleg var det mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Hægeland i sør. Seinare er namnet også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i sør til Fennefossen i Evje og Hornes i nord.

I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at fjorden byrjar ved Kilefjorden Camping, om lag ved brua over Otra til Iveland (biletet), og endar på Kile.

Sør for Kile, etter det tidlegare fossefallet Soga, vidar elva seg ut igjen og kallast Gåseflåfjorden. Saman med Gåseflåfjorden er Kilefjorden regulert, og inntaksmagasin for Iveland kraftverk. Reguleringshøgda er mellom 167,30 (HRV) og 166,43 (LRV), altså 0,87 meter.

På byrjinga av 1950-talet blei Gåseflådammen bygd i sørenden av Gåseflåfjorden, og vatnspegelen her vart heva med først seks meter og litt seinare fem meter til, i alt elleve meter. Det blei då ein samanhangande vatnspegel heilt frå dammen og opp til Fennefossen. Det er nok årsaka til at nokon i dag vil nytte Kilefjorden som namn på heile strekninga.

Saka held fram under biletet

Fjorden sørover frå campingplassen 3. desember 2015. Foto: Geir Daasvatn

Historisk har fjorden vore ein viktig del av Otra. Dampbåten Bjoren trafikkerte strekninga mellom Frøysnesodden på Kile og Fennefossen frå 1867 til Setesdalsbanen kom i 1896. I dag er den restaurerte Bjoren eit eineståande kulturminne og ein stor turistattraksjon på Byglandsfjorden kvar sommar.

Nasjonal sykkelrute nr. 3 følger vestsida av Kilefjorden frå Kiledalen til forbi Kilefjorden Camping.

Ved Kilefjorden Camping er det badeplass, gode parkeringsforhold og utleige av kano/fiskebåtar. Campingplassen har toalett. Området er eigna for utsetting av båt.

Kjelder

  • Artikkelen om Kilefjorden på Setesdalswiki
  • Tom Egerhei, Otra – Mulighetsstudie for Otra Elvepark, utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd, 2020, s. 99

Sjå fjorden på Norgeskart.no

Del "Kilefjorden"