I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva

Auglandskleiva ved oppstiginga frå Mosby, på veg mot byen. Utsyn mot Mosby. Foto.

Rett sør for Mosby gjekk den første køyrevegen nordover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, høgt over der Riksveg 9 ligg i dag. Kleiva var beint fram livsfarleg! Auglandskleiva blei bygd i 1794, i fjellsida ned frå Brattretsheia. Augland på Norgeskart.no Den første køyrevegen nordover frå byen blei bygd 1721–1728. Med «køyreveg» forstår me då ein veg […]

Auglandskleiva bru – Torridal

Auglandskleiva bru 7. september 2019. Foto.

Brua er ei steinkvelvbru på den gamle setesdalsvegen på Augland i Torridal i Kristiansand. Auglandskleiva bru er 6 m lang og 3,5 m brei. Lysopning 3,5 m. Kara kviler på ein tømmerflåte. Setesdalsvegen blei bygd i 1794 på strekninga fra Øvre Strai til Mosby, først med ei trebru. Det var lenge tvil om når steinkvelvbrua var bygd. Men C14-datering av tømmerflåten […]

Postvegen – Kristiansand

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Kristiansand. I byen er det nok meir vanleg å tale om den gamle setesdalsvegen. Det er mest oversiktleg for meg å bruke det […]

Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand […]

Trydalstoga – Kristiansand museum

Trydalstoga 5. januar 2020. Foto

Trydalstoga er ein av dei gamle bygningane frå Setesdal i Setesdalstunet på Kristiansand museum på Kongsgård. Stoga blei selt frå gardsbruket Der Inne i Trydal i Bykle i 1952. Der var det bygd nytt våningshus i 1945. Knut Hallvardsson Trydal (f. 1899, d. 1975) og Birgit Taraldsdotter Trydal (f. Mosdøl 1903, d. 1988) eigde Der […]

I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]