Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913.
Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag.
Sprengt av norske motstandsfolk
Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker av norske soldatar ved krigsutbrotet i 1940, for å stoppe tyskerane. Men det kom fort på plass ei erstatninsbru i tre. Ho gjorde nytta fram til dagens bru kom tidleg på 1960-talet.
Restane etter brua (brukara) og gamlevegen er framleis godt synlege i terrenget.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, 2018, s. 189–190
- Leonhard Jansen, Livsnerva gjennom Setesdal, jubileumsbok for Setesdal Bilruter, 2022, s. 50