Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Verksmuren – Setesdalens Koparverk

Verksmuren, 2017. Foto.

Langs Bryggjevegen i Åraksbø, like ved Grendehuset, står det att ein svær steinmur etter Setesdalens Koparverk som var i drift i bygda kring 1845–1850. Oppå flata over muren, som bygdefolket kallar Kolbotnen, stod kolhuset og malmhuset til koparverket. Det var svære bygningar! Malmhuset var ein tømra bygning, 13 m lang og 6 m brei. Kolhuset […]

Ekron – Nordre Haugetveit

Ekron 2. november 2024. Oversiktsbilde.

Ekron er ein gardpart nord for Haugetveit i Åraksbø som i dag høyrer til alle tre hovudbruka på Søndre Sandnes i Bygland.   Arealet er om lag 12 000 mål. I mellomalderen var Ekron eigen gard, truleg med busetnad, kalla Nordre Haugetveit. Åkerreiner fleire stader syner at her var dyrka mark. Haugetveit blei altså delt ein gong langt tilbake i tida. Korleis gjekk det til? […]

Vassrenna til «Det Sæthersdalske Kobberværk»

Vassrenna til koparverket i Åraksbø. Foto.

Den gamle vassrenna står att på verkstomta i Åraksbø. Ho minnar oss om dei hektiske åra rundt 1845, då det var eit svært koparverk i drift i Åraksbø. «Det Sæthersdalske Kobberværk» var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og Bø i Valle og smeltehytte for koparrmalmen i Åraksbø. Bakgrunn Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra […]

Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet-Haugeburet, Åraksbø. Foto.

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.