Langs Faråne i Hylestad hadde gardane Brokke, Berg og Haugeland kverner. Berre eitt kvernhus står att i dag.
Kvernene stod på nordsida av elva, på Brokke-sida. For Brokke sin del er det i kjeldene nemnt «kverner til husbruk» frå 1661. Truleg har garden hatt kvern også før den tid. Brokke var ein storgard og det var kverner andre stader i Valle iallfall på 1500-talet. Berg hadde kvern seinast frå 1670. Haugeland er skild ut frå Nomeland i 1668 og fekk då rimelegvis kvern langs Faråne fyrst noko etter det.
Alle dei tre nemnde gardane skal til tider ha hatt kverner i andre bekkar enn Faråne. Eg går ikkje inn på det her. Men Alfred Ryningen gjer grundig greie for kvernene gardane hadde, i Faråne og andre stader, i gards- og ættesoga for Hylestad (bind II, Valle kommune, 1985). Opplysningane i stykket her er mykje henta frå den framstillinga.
Du vil kanskje også lese: Kornet – frå åkeren til kverna
Kvernhuset som står
Eitt kvernhus står att langs Faråne i dag (2026). Det står like ved toppen av den svære fossen Rjukande. Det er ikkje med i SEFRAK-registeret. Sigurd Brokke har opplyst at fleire gardsbruk eig det saman. Taket blei reparert og sikra med ny Protan-duk og jekkestropp rundt hausten 2021.
Stykket held fram under bileta


Kverntufta same staden
Historiske bilete, til dømes i den nemnde gards- og ættesoga for Hylestad (bind II, s. 318), syner at det stod to kvernhus tett inntil kvarandre på denne staden. Frå SEFRAK-registrering i 1977 finst bilete som syner at det eine kvernhuset alt då var med å rase ned. I dag er det berre nokre haldestein m.v. som er handfaste spor etter kor det huset stod. I registreringa frå 1977 står det at kverna, som altså er borte no, høyrde til Nordi-brokke. Eigar den gong var Olav E. Brokke (f. 1920, d. 1982) og medeigarar.
Stykket held fram under biletet

Tufta lenger nede i fossen
Litt nedanfor dei to kvernene nær toppen av fossen, kanskje 30–50 m under, stod også eit kvernhus. Her står berre noko av muren etter kvernhuset att. Det ligg også delar av to kvernsteinar like ved. Frå denne tufta er det framleis tydelege spor etter ein kvernveg bortover i skogen i retning gardsbruka i Brokke.
Stykket held fram under biletet

Tufta øvst
Lenger oppe i elva, eit stykke ovanfor Rjukande og den største av dei populære badekulpane, er det spor etter endå ei kvern. Me kan sjå litt av honnsteinane og nokre murrestar. Kverna er med i SEFRAK-registeret. Men i notata som blei gjort i samband med registreringa (1977) heiter det at ein førebels ikkje veit kven ruinen (kvernhuset) høyrer til.
Stykket held fram under biletet

Dette er dei fire kvernstadene eg har sett med eigne augo. Eg er takknemleg for opplysningar om fleire om slike finst.
