Kvernhuset frå Ramselia på Øvre Dåsvatn står i dag på Evje og Hornnes museum på Fennefoss.
Kring 1855 rydda Asbjørn Madsson Åknes (f. ca. 1824) ein husmannsplass for familien i Ramselia på Øvre Dåsvatn. Det er øvst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Staden er like innforbi kraftverket, om du er litt kjend i området. Husmannsplassen høyrde inn under gardsbruket Der inne (vest) (gnr. 11, bnr. 5) på Øvre Dåsvatn.
Asbjørn Madsson sette opp eit kvernhus i Storebekk, noko vest for husa i Ramselia. Her hadde også gardsbruket Der inne (aust) (gnr. 11, bnr. 1) kvern. Dei to kvernene stod i same området langs bekken, truleg slik at bnr. 1 si kvern var øvst og Ramselia si kvern nedst (lengst aust).
Son til Asbjørn og kona Olov Åsuvsdotter (f. 1833), Mads Asbjørnson Dåsvatn (f. 1860), var gift med Ingeborg Nilsdotter (f. 1870) frå Håvestøl i Åseral. Dei budde i mange år i Ramselia, men flytta seinare til Ytre Dåsvatn.
Ein eller annan gong, det må ha vore lenge etter at Ramselia var fråflytta, blei kvernhuset i Storebekk flytta til Evje og Hornnes museum på Fennefoss.
Les også: Kornet – frå åkeren til kverna
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, s. 297–298
- Artikkelen på Kulturminnesok.no om dei to kvernruinane i Storebekk på Øvre Dåsvatn
- Plakat/oppslag på kvernhuset på Evje og Hornnes museum på Fennefoss
