Solblomen i Bykle kyrkjebygd

Blomstereng med solblom. Foto.

På gardsbruket Juvet i Bykle kyrkjebygd vekst det ei vakker, lita eng med solblom. Kyrkjebygda, eller Kyrkjebygdi som byklarane nok seier, er ei innhaldsrik grend med eit variert og verdifullt kulturlandskap. Det gjeld både jordbruksareal, lokalhistorie, naturverdiar, kulturminne og biomangfold (Ellen Svalheim, Bioforsk Rapport vol. 4 nr. 75 2009). På biletet øvst i stykket ser […]

Å sjå ei verd i eit sandkorn

Sopp ved Syrtveitbekken. Foto.

Det er ikkje så lett å få auge på ei heil verd i eit sandkorn. Dei fleste av oss, meg inkludert, synest nok det er mykje meir «spektakulært» å gå opp på ein fjelltopp, eller å finne eit anna fint utsiktspunkt, og skue utover det vakre landskapet. Me som er fotografar, eller hobbyfotograf som eg […]

Glova på Abusdalheia

Fjellsprekken Glova på Abusdalheia i Hornnes. Foto.

Glova er ein stor sprekk i berget, truleg av tektonisk opphav, på Abusdalheia sør-vest i Hornnes. Ho tek til som ein liten sprekk i fjellet, vidar seg ut etter kvart og er på det største om lag 2–3 meter brei. Me kan følge sprekken kanskje 300 meter bortover i terrenget, før han igjen forsvinn i […]

Kilefjorden

Kilefjorden i Otra. Foto.

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra. Opphaveleg var det mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Hægeland i sør. Seinare er namnet også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i sør til Fennefossen i Evje og Hornes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at fjorden […]