Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Sterk laginnsats og eitt poeng til damelaget

Anne Dyrland Hamre sender avgarde eit skot i første omgang. Foto.

Otra sitt damelag i 5. divisjon kapra det første poenget sitt for sesongen då jentene spelte 1-1 med Lillesand på EHbanen på Evje onsdag kveld. Jentene imponerte med sterk laginnsats og til tider godt spel. Kampen var ganske jamnspelt i første omgang. I andre omgang dominerte Otra etter kvart stort. Men Lillesand-jentene var sterke i […]

Otra-tap på heimebane trass god innsats

Torgeir Frafjord Helle set inn 1-1 forbi ein utrusande Våg-keeper. Foto

I ein ganske jamnspelt kamp vann Våg 3 5-2 over Otra på EHbanen på Evje måndag kveld. Bortelaget Våg frå Kristiansand «sjokkopna» og skorte alt etter tre minutt av kampen. Men Otra-gutane blei ikkje sjokkskadde. Heimelaget hang godt med i resten av første omgang. Andreas Bjørndal Gjelsvik var nærast utlikning, med eit hardt skot i […]

Otra G-14 nest-best på Sørlandet!

Otra-gutane slepp jubelen laus etter den tøffe kampen. Bak f.v. Lukas Fredriksen, Hans Abusland, Sherif Safar, Rami Saqualla og Luka Sjøvold som ikkje kunne spele kampen grunna skade. I midten f.v. Nils Marius Olsen, Eskil Hodne, Shadi Safar og Teo F. Hadzic. Framme dei to keeperane Anders Nicolaysen og Karl Magnus Tveitå. Lagfoto.

Med ein kanonkamp og siger 21–13 på bortebane mot Lillesand laurdag sikra Otra-gutane 2. plassen i serien. Dei er det nest-beste handballaget i G-14-klassen på Sørlandet denne sesongen. Lillesand var ein tøff motstandar. Men denne kampen hadde gutane frå Evje & Hornnes psyka seg noko veldig opp til på førehand. Dei ville verkeleg vinne! Etter […]

Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileum!

Scott Kjetså (t.v.), Trygve Jokelid og Geir Magne Feed er dei tre som har ansvaret for løypekøyringa i dag. Foto.

Otra Tur og Løypeservice driv det svære løypenettet på Høgås i Evje på vegne av Otra IL. Dei involverte feira 20-årsjubileet med mimrekveld og blautkake på Otrahuset tysdag kveld. Det var ikkje tilfeldig at 12. november var vald til feiringa. Det var nøyaktig 20 år etter skipingsdatoen 12. november 2004. Til stades var nåverande styremedlemer […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.