Murar etter Postvegen på Vikhepte i Kyrkjeviki ved Rakkenes 13. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – alltid nye skattar å finne!

Ved Rakkenes er det mange spor etter Postvegen frå 1840-talet. Men sanneleg hadde eg ikkje oversett eitt av dei finaste!

Ved bokutgjevinga hausten 2018. Fra venstre Olav Røysland, Pål Arnfinn Haugen, Leonhard Jansen, forleggar Solveig Røvik og medforfattar Harald Tallaksen. Foto: Geir Daasvatn

I 2018 kom den eminente boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 ut. Leonhard Jansen har skrive teksten. I arbeidet hadde han god hjelp av av eit heilt team; Pål Arnfinn Haugen (byggeleiar i Statens vegvesen), Olav G. Røysland (overingeniør i Vegvesenet) og Harald Tallaksen (regional koordinator for vegminner i Vegvesenet). Tallaksen teikna dei mange informative karta i boka, som syner nøyaktig kor vegen faktisk gjekk. Boka var eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet.

«Vatn på mølla»

Eg har den givande hobbyen min med å fotografere rundt om i Setesdal. Eg hadde nok sett nokre av dei mest kjende Postveg-traseane før, som den vakre steinkvelvbrua i Kiledalskleiva og Fånekleiva. Men etter å ha lese litt i «postvegboka» til Leonhard & Co., og ikkje minst sett på kart nøyaktig kor han gjekk, blei eg så inspirert at eg byrja litt meir systematisk å ta bilete av synlege spor etter vegen når eg kom forbi dei. Eg tykkjer dei gamle vegane er interessante som kulturminne og historieforteljarar, og mange gonger vakre å sjå til.

Postvegen i Bygland

Nå har eg halde på med dette i ein del år. Eg har såpass med bilete at eg vil sette dei saman til ei biletbok om Postvegen gjennom Bygland. Frå før har eg laga eit lite hefte om vegen gjennom Hornnes. Eg trur ei slik bok frå Bygland kan bli interessant, med bilete og nokre stikkord om kvar me er og kva bileta syner.

Stykket held fram under biletet

Vegen på Vikhepte ligg i dag heilt i vasskanten når fjorden er mest full som no. Då han blei bygd rundt 1842, lenge før Byglandsfjorden blei regulert opp, var nok avstanden ned til vatnet større. Foto: Geir Daasvatn

Rakkenes

Då er det ekstra gøy å oppdage merke etter vegen eg ikkje har sett før! Eg har vore ved Rakkenes og kikka på gamle vegar i området der fleire gonger. Det er spor både etter Postvegen og den gamle riksvegen som kom etterpå (1963–1978). I dag var eg forbi igjen, for å ta nokre bilete av «1963–vegen». Ved eit tilfelle kom eg til å kikke på nedsida av den vegen igjen. Ja, der låg sanneleg ein svær mur etter Postvegen! Korleis eg kan ha gått forbi der fleire gonger og ikkje sett denne fine og godt bevarte traseen, ja det er eit mysterium. Men dess større var gleda over å oppdage noko nytt. Det var på grensa til at eg måtte synge ein liten trall i silregnet.

På kartet heiter staden Vikhepte. Det er i Kyrkjeviki sør for Rakkenes. Postvegen tok altså ein sving nærare fjorden her enn dagens Riksveg 9, for så å svinge opp i skogen og den lange Rakkenesbakken.

Rakkenes har såleis mykje meir å by på enn ei fantastisk fin badestrand!

Kart over området

Del "Postvegen – alltid nye skattar å finne!"