Den spesielle husrekka i Åreholti ligg langs løypa. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad turløype

Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min. Men for ei oppleving!

Du kjem mellom anna forbi det tidlegare småbruket Åreholti, der alle bygningane står i ei rekke. Det er ikkje mange slike «tun» igjen i Setesdal i dag.

Etter Åreholti går du gjennom trolsk skog eit stykke. Du kjem til Årstog, og følger vegen tilbake til start.

Stykket held fram under biletet

Kven i all verda har klart å flytte den svære steinen hit? Er det rysen? Foto: Geir Daasvatn

Rygnestadtunet

Om du kombinerer turen med ein sveip innom Rygnestadtunet som altså ligg rett ved, og kanskje ein avstikkar oppover i kulturlandskapet bak Rygnestadtunet til den gamle husmannsplassen Slengen, og det er varm sommar og engene er fulle av blomar, ja då er du garantert ei tett på fullkomen oppleving. Om du er på staden i sommarsesongen, i 2023 frå 22. juni, er Rygnestadtunet opent og har tilbod om omvising fleire gonger om dagen. Det er Setesdalsmuseet som driftar det eineståande anlegget.

Kulturhistorisk landskap

Valldølane kjenner sjølvsagt denne turløypa som hand i hanske. Men eg håpar du også kan bli freista til å stikke innom og oppleve det eineståande fine kulturlandskapet på Flateland og Rygnestad. Alt i 2009 blei Rygnestad og Flateland peika ut som eitt av 20 «utvalde kulturlandskap i jordbruket» av regjeringa. Frå 2021 er Rygnestad saman med Flateland også med i det landsomfattande registeret Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Korleis kjem du hit

Køyr til Flateland, som ligg om lag 7–8 km nord for Valle sentrum. Ta av mot Rygnestadtunet. Det er rundt to km å køyre. Ved Rygnestadtunet er det parkeringsplass. Gå tilbake langs vegen kanskje 100 meter, og du er ved det grøne skiltet og kartet som syner Rygnestad turløype.

God tur!

Kart over området

Sjå også

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Rygnestad turløype"