Vekas bilete

Kveld over Evje

Friluftsparken Furuly med Evje sentrum bak seint om kvelden 11. november 2024. Foto
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Friluftsparken Furuly med Evje sentrum bak seint om kvelden 11. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Dei mørke haustkveldane er her. Men med litt hjelp av månen, og kameraet på lang lukkartid, er kvelden over Evje slett ikkje så mørk likevel.

Biletet tok eg frå gangvegen mellom Furuly og øya i Otra utforbi sandstranda. Eg køyrde forbi Krossen ein kveld, og kikka over elva mot Furuly. Då såg eg at gatelysa langs gangvegen spegla seg så fint i vatnet. Mandag kveld 11. november tok eg med fotoapparatet, og sykla opp til Furuly i håp om å få til eit bilete.

Det var ikkje så mørk ein novemberkveld då eg kom opp til lagunen. Månen var ikkje full, men lyste godt opp likevel. Det var stjerneklart. Eg sette kameraet fast på stativet, svitsa over til sjølvutløysaren, gjorde eit par forsøk, stilte blendaropninga på f/8, skrudde opp ISO litt (til 400) og sette til slutt lukkartida til 20 sek. Då fekk eg eit brukbart resultat, tykte eg sjølv.

Mange måtar å gjere det på

Heime igjen har eg lysa dei mørkaste partia litt opp i redigeringsprogrammet Lightroom. Eg kunne gjort biletet lysare ved å bruke lengre lukkartid i kameraet på staden, f. eks. 30 sek. i staden for 20 sek. Men med veldig lang lukkartid blir dei kvite partia, som gatelysa, gjerne heilt «utvaska». Det er ikkje fint. Ei anna løysing hadde vore å stille inn på større blendaropning (meir lys inn på biletbrikka). Det finst mange måtar å oppnå eit ønska resultat på. Eg er ikkje så flink med det tekniske, eg bare prøver og feilar, og gir meg når eg er nokonlunde fornøgd med resultatet.

Resultatet her, med gateljosa i framgrunnen og Evje sentrum i bakgrunnen, er OK synest eg.

Fleire bilete

Draumenatt over Bygland
Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen