Vekas bilete

Rysstad i blåtimen

Rysstad i "blåtimen". Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Rysstad i «blåtimen» 18. desember 2019.

Rysstad var eit nydeleg syn, då eg var ein tur oppover dalen 18. desember 2019.

Eg køyrde over til Bjørgum på andre sida av Otra, og tok dette biletet av Rysstad «skyline» frå elvekanten på Kåsland. Kåsland er heimen til meisterspelemannen Hallvard T. Bjørgum.

Bak Rysstad ligg den svære Rysstadåsen. Eg skal lure på om eg kan kome meg opp til toppen der nokon gong? Til høgre i biletet skimtar me litt av Brokke, og Løefjell bak der igjen. Det fjellet er som me veit eit populært og barnevenleg klatrefjell.

Eg er ikkje mykje oppover i Setesdal om vinteren. Difor er det ikkje så mange fine vinterbilete eg har frå dalen. Då er det ekstra moro når det som her klaffar litt bra med vér- og lysforhold, i «blåtimen», så eg kan få med eit fint minne frå turen heim.

«Rysstad i blåtimen» er sjølvsagt med i biletboka mi frå Valle.

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad