Vekas bilete

Stemmen til Åmdal sag

Stemmen i Klepslandsåna i Åmdalen 9. juli 2024. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Stemmen til Åmdal sag i Klepslandsåna 9. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Det står att ein gamal stem i Klepslandsåna i Evje, i Åmdalen rett nedom Rassevete.

Stemmen samla vatn til Åmdal sag, som må ha stått under den vesle fossen her. Olav Raudstøl eigde saga. «Ei tid gjekk 2–3 hestar jamnt med plank frå dette bruket. Saga sveiv på sitt beste i åra før fyrste verdskrigen», står det i Kultursoga for Evje og Hornnes (bind I, s. 201).

Eg har vore på denne staden fleire gonger, spesielt ei måneskinsnatt for nokre år sidan, og fått til nokre bra bilete. Dette her tok eg seint om kvelden 9. juli 2024. Det var ein fin skumringskveld, samstundes som det tok til å kome nokre små regndropar. Fargane blir så fine synest eg, litt dunkle, når lysforholda er slik.

Om du er litt interessert i foto, var kameraet stilt på f/22, eksponeringstida 3 sek og ISO = 64. Kameraet stod på stativ.

Fleire bilete

Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad