Vestre Hodne i Hornnes

Vestre Hodne sett over Otra frå Austre Hodne 2. mai 2024. Foto.

Garden ligg ved breidda av Otra, og er nabogard til Austre Hodne i Iveland. Biletet er teke frå Austre Hodne. Me ser i nord-vestleg retning over Otra mot Brotet og Hodnemoen (bakerst). Vestre Hodne er gnr. 25 i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg altså heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund, i det som iallfall […]

Klepp – Evje

Morgonstemning over Otra ved Klepp i Evje i oktober 2017. Foto.

Klepp ligg på austsida av Otra, tvers over elva for Moisund. Garden ligg lengst sør i tidlegare Evje kommune. I sør grensar han såleis til Austre Hodne i Iveland. Klepp var skrivargard i eldre tider. Men sommaren 1957 blei kontoret flytta til Kristiansand. Det var fergesamband mellom Moi og Klepp til Moisund bru kom over […]

Setesdalsbautaen på Hornnes

Setesdalsbautaen på Hornnes ein fargerik sommarkveld. Foto.

Dette er den stor bautasteinen som står rett ved Riksveg 9, nær Hornnes kyrkje, i Evje og Hornnes kommune. Setesdalsbautaen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form ved Bjørgulv Bjørgum. Det står også slike bautaer på Hedde i Valle, på Reiseodden i Bygland og på Lundane nord for Hovden i Bykle. I tillegg er det sett opp ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga […]

Bertesknapen – Evje

Den runde kula med radaren på toppen av Bertesknapen.

Bertesknapen er det høgaste fjellet i gamle Evje kommune. Fjellet er 652 meter høgt, og ligg nord-aust i Evje. Toppen er lett å sjå frå Riksveg 9. Det er fjellet med ein kvit flyradar – ein «fotball» – på toppen. Frå toppen kan du mellom anna sjå Årdalsknapen sør i Bygland kommune, Svåbassen og Hillestadheia i Åmli, og Befjell i Froland. Eit gjerde […]

Bjoråna – Evje

Bjoråna. Elv. Foto.

Haust ved Bjoråna, oppover mot Rosseland i Evje. Bjoråna renn frå Bjorvatnet oppe ved Åneland og ut i Breiflå på Bjorå. Eg tok dette biletet ganske tidleg etter at eg tok til med fotgrafering. Framleis synest eg det er eitt av dei finaste eg har fått til. Endå finare i stort format Eg fekk laga […]

Gullsmedmoen ferjestad

Gullsmedmoen fergestad. Foto.

Gullsmedmoen var opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Hornnes, rett vest – over fjorden – for Byglandsfjord. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla «Monen» eller «Senumsmonen». På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 […]

Fennefossen

Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes. Foto.

Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. Agder Energi Vannkraft AS har konsesjon til bygging av Fennefoss kraftverk i fossen. Utbygginga tok til i september 2020, og skal etter planen vere ferdig våren 2023. Det blir bygd ein betongdam tvers over fossen, og vassføringa vil bli […]