Otra – Straume

Otra forbi Straume og den gamle landbruksharven. Foto.

Otra forbi Straume i Hylestad er både mektig og ein liten idyll! Eg synest landskapet er veldig fint forbi Hedde og Straume i Hylestad. Ofte har eg hatt det mektige Straumsfjødd som siktemål når eg har fotografert i det området. Fjellet som stig så stupbratt opp frå dalbotnen er verkeleg eit spennande motiv. Men ein […]

Klepp – Evje

Morgonstemning over Otra ved Klepp i Evje i oktober 2017. Foto.

Klepp ligg på austsida av Otra, tvers over elva for Moisund. Garden ligg lengst sør i tidlegare Evje kommune. I sør grensar han såleis til Austre Hodne i Iveland. Klepp var skrivargard i eldre tider. Men sommaren 1957 blei kontoret flytta til Kristiansand. Det var fergesamband mellom Moi og Klepp til Moisund bru kom over […]

Flårenden i Valle

Vakker sommardag ved Flårenden i Valle. Foto.

Flårenden er garden som ligg lengst sør i Valle sokn, ved søndre enden av Flåni i Otra. Nabogarden i sør er Uppstad i Hylestad. Mot nord ligg Bø. I dag kryssar Riksveg 9 Otra i Flårenden. Brua er bygd i samband med ei vegomlegging i 2004. Me ser ho litt til venstre i biletet. Ho avløyste ei sprengverksbru av stål, sett […]

Sarvsfossen – Bykle

Sarvsfossen, Bykle. Foto.

Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd var før reguleringane av Otra rekna som den største fossen i elva. Rett ovanfor fossen er elva demt opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974–1977) blei fossen overført i tunnel til Botsvatn. I dag går vatnet gjennom den same tunnelen til Skarg kraftstasjon […]

Fennefossen

Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes. Foto.

Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. Agder Energi Vannkraft AS har konsesjon til bygging av Fennefoss kraftverk i fossen. Utbygginga tok til i september 2020, og skal etter planen vere ferdig våren 2023. Det blir bygd ein betongdam tvers over fossen, og vassføringa vil bli […]