Vekas bilete

Sarvsfossen – Bykle

Sarvsfossen, Bykle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Sarvsfossen 30. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd var før reguleringane av Otra rekna som den største fossen i elva.

Rett ovanfor fossen er elva demt opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss.

Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974–1977) blei fossen overført i tunnel til Botsvatn. I dag går vatnet gjennom den same tunnelen til Skarg kraftstasjon ved Botsvatn, som saman med Dam Sarvsfoss var del av den svære Brokke Nord-utbygginga. Brokke Nord blei offisielt opna 10. oktober 2014 av olje- og energiminister Tord Lien.

Som følge av reguleringane av Otra, er Sarvsfossen på det næraste tørrlagt det meste av året.

Ein gong i året, om hausten, er Otra Kraft pålagt å sleppe vatn over damkrona i eit par timar. Det er ei storhending, der mykje folk møter fram for å sjå det vakre synet. Elva kan òg renne over dammen ved stor flaum.

Desse gongene kjem Sarvsfossen for nokre korte augneblink tilbake til stordomstida. Då stupar elva, etter Knut Gjerden sine ord i Norges Bebyggelse, «seg utover gjennom ein trong glip 30 meter beint ned i hølen nedanunder».

Kart

Kjelder

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad