Mellom Bjørnarå og Optestøyl i Bykle, ved Båsbrokka langs Trydalsbekken, er den gamle Postvegen fint restaurert til ein idyllisk turveg.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.
Svært gamal veg
Køyrevegen forbi Båsbrokka kom rundt 1873. Men før det kom køyreveg frå Valle til Bykle, gjekk det ein rideveg frå Trydal og nedover til Valle. Køyrevegen var etter det ein veit ei utbetring av ridevegen, heiter det i den nemnte boka om Postvegen og Riksveg 9. Vegen her kan såleis vere svært gamal. Han var i bruk som setesdalsveg til 1930. Då blei han lagt om til om lag der Riksveg 9 går i dag.
Stykket held fram under biletet
Vegen tek ein liten sving rundt ein fjellknaus rett sør for Svismyri. Her er det stelt i stand ein koseleg rasteplass. Her lagar også Trydalsbekken ein liten foss. Om du går ned under fossen, finn du spor (ruinar) etter både sagbruk og kvernhus. Kikkar du deg ekstra godt rundt, ser du kanskje til og med trolla i fossen! Fleire stader langs bekken kan du sjå spor etter beveren.
Idyllisk sykkelrute
Turvegen ved Båsbrokka er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3. Den søndre delen av strekninga er fint pussa og grusa opp i samband med det store vegprosjektet Riksveg 9 Bjørnarå–Optestøyl. Men også turen vidare nordover til Optestøyl går på godt underlag.
Gamlevegen ved Båsbrokka munnar ut i Riksveg 9 heilt sør på Optestøyl. Han kryssar vegen, og held fram nordover i ein stor boge på austsida fram til Grasbrokke. Den strekninga vil eg skrive om i eit anna stykke.
Du legg kanskje ikkje ut på langtur langs Sykkelrute nr. 3? Eit godt alternativ er å ta med sykkel bak på bilen og sykle denne vesle vegstubben i fred og ro. Det er grei plass å parkere fleire stader langs Riksveg 9. Men pass på å sette ned bilen så han ikkje hindrar anna trafikk. Endå betre kan det vere å bare ta turen på «apostlane sine hestar», og nyte vegen, landskapet og den friske lufta til fots! Strekninga kan vel vere rundt 1,5 km lang, tenker eg.
Fleire stykke om Postvegen i Bykle
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. og kart nr. 26 bak i boka
- Artiklane om gamlevegen ved Båsbrokka på Kulturminnesok.no