Kvernhuset som står ved Faråne i dag. Foto: Geir Daasvatn (2025)
Brokke

Valle

Kvernspor langs Faråne i Hylestad

Langs Faråne i Hylestad hadde gardane Brokke, Berg og Haugeland kverner. Berre eitt kvernhus står att i dag.

Kvernene stod på nordsida av elva, på Brokke-sida. For Brokke sin del er det i kjeldene nemnt «kverner til husbruk» frå 1661. Truleg har garden hatt kvern også før den tid. Brokke var ein storgard og det var kverner andre stader i Valle iallfall på 1500-talet. Berg hadde kvern seinast frå 1670. Haugeland er skild ut frå Nomeland i 1668 og fekk då rimelegvis kvern langs Faråne fyrst noko etter det.

Alle dei tre nemnde gardane skal til tider ha hatt kverner i andre bekkar enn Faråne. Eg går ikkje inn på det her. Men Alfred Ryningen gjer grundig greie for kvernene gardane hadde, i Faråne og andre stader, i gards- og ættesoga for Hylestad (bind II, Valle kommune, 1985). Opplysningane i stykket her er mykje henta frå den framstillinga.

Du vil kanskje også lese: Kornet – frå åkeren til kverna

Kvernhuset som står

Eitt kvernhus står att langs Faråne i dag (2026). Det står like ved toppen av den svære fossen Rjukande. Det er ikkje med i SEFRAK-registeret. Sigurd Brokke har opplyst at fleire gardsbruk eig det saman. Taket blei reparert og sikra med ny Protan-duk og jekkestropp rundt hausten 2021.

Stykket held fram under bileta

Kvernhuset 19. desember 2025. Foto: Geir Daasvatn
Tarald S. Brokke (t.v.) og sonen Torleiv Brokke utførte dugnadsarbeidet med taket i 2021. Biletet er teke 31. august det året. Foto: Sigurd Brokke

Kverntufta same staden

Historiske bilete, til dømes i den nemnde gards- og ættesoga for Hylestad (bind II, s. 318), syner at det stod to kvernhus tett inntil kvarandre på denne staden. Frå SEFRAK-registrering i 1977 finst bilete som syner at det eine kvernhuset alt då var med å rase ned. I dag er det berre nokre haldestein m.v. som er handfaste spor etter kor det huset stod. I registreringa frå 1977 står det at kverna, som altså er borte no, høyrde til Nordi-brokke. Eigar den gong var Olav E. Brokke (f. 1920, d. 1982) og medeigarar.

Stykket held fram under biletet

Tufta der kvernhuset som nå er borte stod. Foto: Geir Daasvatn (2025)

Tufta lenger nede i fossen

Litt nedanfor dei to kvernene nær toppen av fossen, kanskje 30–50 m under, stod også eit kvernhus. Her står berre noko av muren etter kvernhuset att. Det ligg også delar av to kvernsteinar like ved. Frå denne tufta er det framleis tydelege spor etter ein kvernveg bortover i skogen i retning gardsbruka i Brokke.

Stykket held fram under biletet

Tufta nede i fossen 3. april 2026. Foto: Geir Daasvatn

Tufta øvst

Lenger oppe i elva, eit stykke ovanfor Rjukande og den største av dei populære badekulpane, er det spor etter endå ei kvern. Me kan sjå litt av honnsteinane og nokre murrestar. Kverna er med i SEFRAK-registeret. Men i notata som blei gjort i samband med registreringa (1977) heiter det at ein førebels ikkje veit kven ruinen (kvernhuset) høyrer til.

Stykket held fram under biletet

Tufta øvst 19. desember 2025. Foto: Geir Daasvatn

Dette er dei fire kvernstadene eg har sett med eigne augo. Eg er takknemleg for opplysningar om fleire om slike finst.

Ein halv kvernstein ved tufta lengst nede i Faråne 3. april 2026. Øvst i biletet skimtar me det eine kvernhuset som står att langs elva. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Dei to kvernhusa i Trydalsbekken
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Kvernene på Sordal
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernebekken Gryte i Valle
Kornet
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernhuset i Lislestog
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvinnebekken på Dale
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.