Den gamle ridevegen i kleiva opp frå Øyreviki 9. mai 2026. Otra til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Dalevegen – Øyreviki

Den gamle ridevegen mellom Bykle og Valle gjekk nede langs Otra forbi Øyreviki nord for dagens Bykle bru. Etter å ha passert vika heldt han fram ganske bratt opp ei kleiv, på nedsida av der Riksveg 9 er no.

«Rideveg» tyder her ein veg for gåande og kløvhestar.

Kulturberaren Folke Nesland kallar den gamle «hovudvegen» til byklarane for Ålmannavegen. Han har gjort nøye greie for kor han gjekk i rapporten Ferdavegar i Bykle (1996). Eg har ikkje tilgang til den rapporten. Dei opplysningane eg har brukt her kjem i staden frå den store boka om Postvegen og Riksveg 9 som kom i 2018 (sjå nedanfor). Men framstillinga der bygger i stort mon på arbeidet til Folke.

Stykket held fram under biletet

Øyreviki. Den gamle ridevegen kom opp frå Bykilsmoen på vestsida av Otra og fram hit. Her starta då kleiva oppover mot kyrkjebygda. Men landskapet på staden var rimelegvis mykje annsleis då. Korkje Bykle bru eller den svære fyllinga på Riksveg 9 var her då. Foto: Geir Daasvatn (2026)

Ved Sponeberg, eit stykke oppover i det eg trur mange kallar Byklebakken, kryssa ridevegen dagens Riksveg 9, og heldt fram på oppsida gjennom Mosdøl til Gjerden.

Me kan framleis sjå tydelege spor etter ridevegen i Øyrevikbakken. Mellom anna er det ein stor mur ut på kanten mot Otra litt oppe i bakken.

Truleg eldgamal veg

Det er lagt ein del arbeid i å lage ridevegen oppover i Øyrevikkleiva! Foto: Geir Daasvatn

Kor gamal denne ridevegen er veit eg ikkje. Men det er handfaste bevis for kontakt mellom Setesdal og andre område iallfall frå vikingtida. Så alt då har det truleg vore eit nettverk av enkle vegar med ei viss form for organisering.

Seinare måtte dei som budde sør for kyrkjebygda opp til kyrkja for å døype ungar, gifte seg og bli gravlagde. Dei måtte andre vegen, til Valle, for å møte sorenskrivar, fut og lensmann. I gamal tid tok dei gjerne vegen over heia frå Stavenes til Rygnestad. Dei kunne òg følge elva forbi Byklestigen. Men den vegen var det vanskeleg å frakte noko med seg.

Etter kvart blei Kristiansand etablert (1614) og trafikken nedover dalføret for å kome dit auka på. At ridevegen sørover frå Bykle er eldgamal er difor temmeleg sikkert.

Denne ganske primitive ridevegen var i bruk til 1879. Då hadde dei som bygde køyreveg mellom Valle og Bykle endeleg klart å jobbe seg forbi det vanskelegaste stykket – Byklestigen – og kunne føre vegen fram til Bykle kyrkje. 26. august 1879 blei den nye vegen avlevert og det var stor fest i Bykle. Øyrevikkleiva var ferdig med tenesta si.

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen forlag, 2018
  • Artikkelen om den gamle ridevegen i Øyreviki på Kulturminnesok.no

Sjå også

Dalevegen – Hågås på Bjørnarå

Fleire kulturminne

Bygland brygge
Gravfeltet på Moi – Bygland
Moi gravfelt
Smia på Koland
Byglandsfjord gamle dam
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
Mjølkerampa på Torsland
Gamle setesdalsvegen – Moen
Postvegen – Flåstrondi
Postvegen – Sveigefoss
Gamlevegen ved Berdalsbru
Postvegen – Moi

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.