Årdal kyrkje 25. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

Årdal kyrkje

Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland. På vestsida av kyrkja ligg Byglandsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland.

Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-1828 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar.

Kyrkjegarden

Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja. Eit nytt felt er blitt laga til på austsida av Riksveg 9, nord for vegen som går opp til Lande og Hovstad. På den eldste delen er mellom anna bautaer reiste over eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande og folkeminnesamlaren Johannes Skar.

På denne delen av kyrkjegarden er óg ein avbroten runestein reist, som blei funnen innemura i sakristitrappa i 1881. Informasjonstavla fortel at dette er eit gravminne frå tidleg mellomalder (1050–1150). På norrønt er den delen som er att av inskripsjonen Hjalpi Guð ǫndu, noko som tyder omlag «Gud hjelpe [NN sin] ande». Namnet til den teksten gjeld stod på den no tapte delen av steinen.

Kjelder

Rett i nærleiken

Annonse

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Dalemannsteinen – Fennefoss
Kjetsåbrua – Hornnes
Haavardstadhuset – Evje
Postvegen – Heddessteinen
Hattefossbrua – Hornnes
Haslebakken – Ose
Mølletrappa ved Fennefossen
Postvegen – Hoslemo
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Reimarmoen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.