Klepp ligg på austsida av Otra, tvers over elva for Moisund.
Garden ligg lengst sør i tidlegare Evje kommune. I sør grensar han såleis til Austre Hodne i Iveland.
Klepp var skrivargard i eldre tider. Men sommaren 1957 blei kontoret flytta til Kristiansand.
Det var fergesamband mellom Moi og Klepp til Moisund bru kom over Otra i 1969.
Tom Terje Haugland er heimelshavar til eigedomen.
Biletet tok eg ein tidleg oktobermorgon i 2017. Det ligg ofte dis eller skodde over Otra om morgonen. Det kan gi mange gonger gi stemningsfulle bilete.
Kjelde
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2017, s. 143