Sosteli 26. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Sosteli jernaldergard – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral.

Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanskje det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag.

Gardsanlegget består av fleire hustufter (den største rundt 45 m lang), åkre, gjerdesystem og gravminne. Det blei arkeologisk undersøkt av Anders Hagen i 1947–1949, og er framleis ein nøkkellokalitet innanfor nordisk busetnadsarkeologisk forskning.

Stykket held fram under biletet

Ei av hustuftene. Det er svære hus som har stått i Sosteli! Foto: Geir Daasvatn

Fråflytta for 1000 år sidan

Det har ikkje budd folk på Sosteli sidan garden blei fråflytta for om lag 1000 år sidan. Difor er garden mykje teken vare på slik han var. Det gir ei heilt spesiell kjensle å vandre stille rundt mellom hustuftene, kanskje bare med ei sauebjølle som «bakgrunnsmusikk», og tenke på at her var det eit yrande folkeliv 1000 år tilbake i tid.

Korleis kjem du dit

Køyr Fylkesveg 455 (Dalevegen) til Kyrkjebygd. Følg Gardsvegen vestover forbi Åseral kyrkje over elva Monn. Straks over brua tek du til høgre (nordover). Etter eit par hundre meter kjem du til Sostelivegen. Følg vegen som går bratt oppover i dalsida. Skilt syner vegen fram til Sosteli. Der er det merka parkeringsplass.

Kart

Kjelder

Sjå også

Du finn mykje god og nyttig informasjon om anlegget ved «inngangsporten». Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose