Åknes – Lognavatn

Sandstranda på Kyrkjeodden. Foto.

I Åknes ved Lognavatn finn du ein av dei beste badeplassane i Åseral. Her er det nydeleg, sørvendt sandstrand, benkar og bord, grillplass, sandvolleyballbane og toalettanlegg. Rett ved ligg det vesle, vakre Åknes kapell. Ikkje langt unna, på Kyrkjevodden, var det reist kyrkje alt rundt år 1200. Det er mange spennande kulturminne og andre attraksjonar […]

Rakkenes – Byglandsfjorden

Rakkenes med Byglandsfjorden ein sein og idyllisk sommarkveld. Foto.

Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak. Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld. Det er […]

Daleviki badeplass – Byglandsfjorden

Den lange sandstranda i Daleviki. Foto.

Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden. Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så […]

Sines badestrand – Byglandsfjorden

Sines med krittkvite badestrender. Foto.

Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren. Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på […]

Tangen – Bygland

Friluftsområdet Tangen i haustsol. Foto.

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. På Tangen er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Våren 2024 (frå ca. 17. mai) kom også Prestneset Bobilcamp på plass, med rundt 12 oppstillingsplassar. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den […]

Hornnestangen – bygdas Copacabana!

Hornnestangen. Badestrand. Foto.

Hornnestangen er ei nydelig og veldig populær badestrand ved Breiflå, i tilknytning til Hornnes Camping. Størstedelen av den 700 meter lange og innbydende sandstranda ligger vendt mot sør, med sol fra morgen til kveld. I den varme, kvite sanden kan du ligge og bare steike deg i sola. Husk solkrem – høy faktor! Eller du […]

Honnevje raste- og badeplass

Honnevje raste- og badeplass i Valle. Foto.

Honnevje raste- og badeplass ligg idyllisk ved Otra, og langs Riksveg 9, om lag 2 km nord for Valle sentrum. Plassen har moderne toalettanlegg og gode høve for parkering av køyretøy. Det er varierte badeplassar, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Det er laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva. Store steinbord […]

Marhyl – Hylestad

Badeplassen Marhyl i Otra. Foto.

Marhyl eller Marhøl er den fine badeplassen i Otra, rett ved Otra Kraft sitt hovudkvarter på Nomeland, om lag tre kilometer nord for Rysstad. På austsida av Riksveg 9 er det opparbeidd ein grei parkeringsplass. Så er det nokre meter å gå frå parkeringsplassen ned til badeplassen. Her er det både svaberg og sandstrand. Plassen […]