Rakkenes – Byglandsfjorden

Rakkenes med Byglandsfjorden ein sein og idyllisk sommarkveld. Foto.

Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak. Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld. Det er […]

Daleviki badeplass – Byglandsfjorden

Den lange sandstranda i Daleviki. Foto.

Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden. Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så […]

Sines badestrand – Byglandsfjorden

Sines med krittkvite badestrender. Foto.

Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren. Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på […]

Syrtveit rasteplass – Evje

Syrtveit rasteplass. Foto.

Rasteplassen ligg i naturskjøne omgjevnadar langsmed Riksveg 9 ved Syrtveitsfossen om lag 6 km nord for Evje. Syrtveit rasteplass har høg standard og stor kapasitet. Det er bord og benkar å sitte ned ved, og toalett og søppelanlegg. Rasteplassen er også ein grei stoppestad om du har planar om å fiske i elva. Rett ved rasteplassen ligg altså den svære […]

Honnevje raste- og badeplass

Honnevje raste- og badeplass i Valle. Foto.

Honnevje raste- og badeplass ligg idyllisk ved Otra, og langs Riksveg 9, om lag 2 km nord for Valle sentrum. Plassen har moderne toalettanlegg og gode høve for parkering av køyretøy. Det er varierte badeplassar, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Det er laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva. Store steinbord […]