Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Riksveg 9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes.
På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon.
Inne i fjellet, i fleire svære fjellhallar, hadde Forsvaret i mange år ammunisjonslager. Inngangane er godt synlege fra Rv-9. I dag er anlegget eigd av Troll Mountain Data Center, eit selskap som satsar på datalagringstenester.
Fint turmål!
Det er bare 5 kjente bygdeborger i Evje og Hornnes. Bare av den grunn er Kleveknuten verdt eit besøk. Men er du glad i naturen og fine landskapsbilete, er toppen òg eit veldig fint utsiktspunkt. Du ser langt sørover forbi Moisund mot Ivelandsbrua.

Det er ein stor parkeringsplass på austsida av Rv-9 om lag ved inngangen til fjellhallane. I same område går det grusveg motsett veg, austover gjennom skogen til Strauman. Men du skal altså ikkje dit, men vestover. Frå parkeringsplassen kan du gå omtrent rett over vegen, og opp langs dei blanke berga. Du vil sjå spor etter firehjulingar eller andre køyretøy som du kan følge. Men pass på – det kan vere litt glatt i regnvær. Etter kvart kjem du over i skogsterreng. Det er greit synleg stig som du kan følge sørover dei få hundre meterane til toppen.
Eit alternativ er å gå opp skogsbilvegen som tek til litt lenger nord. Mot toppen av vegen må du sjølv peile deg inn på retninga gjennom skogen vidare til toppen. Det er korte avstandar, og ikkje vanskeleg å finne fram.
Turen er ikkje lang, kanskje rundt 1 km ein veg. Men det er ei ganske kraftig stigning i starten. Er du i normalt god form, er turen bare som «a walk in the park». Løypa er ikkje merka. Men du ser toppen frå startpunktet, og kan vanskeleg gå feil.
God tur!
Kjelder
- Artikkelen om Kleveknuten på Setesdalswiki
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, 1990, s. 49
Rett i nærleiken
Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!
