Det gamle kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum kjem frå garden Hovland i Hovlandsdalen i Vegusdal.
Hovland høyrde i gamal tid til Vegusdal kommune. I nyare tid (1967) blei Vegusdal ein del av storkommunen Birkenes. Frå 2019, etter ei grensejustering, høyrer garden til i Evje og Hornnes kommune.
Det var gardsbruket Der Vest (gnr. 130, bnr. 1) som hadde kverna si her. Ho stod på nordsida av Hovlandsåna, noko aust for der brua på vegen over til Tveit ligg i dag, og litt bort frå sjølve elvelaupet. Kor gamal ho er veit eg ikkje. Landkommisjonen 1661 nemner ei bekkekvern på Hovland. Men det er nok svært lite sannsynleg at den kverna har «overlevd» heilt fram til i dag!
Eg veit heller ikkje nøyaktig kor kvernhuset stod. Men truleg var det på same staden som Der Vest også hadde ei sag. Det er ei fjellskrent her som lagar eit naturleg fall. Under fallet ligg sagtufta med tydelege spor etter den verksemda. Ein kanal eller ei vassrenne har leia vatnet frå elva ned til saga. Eg trur, eller har iallfall ein teori om, at same systemet fekk vatnet inn på kvernkallen under kvernhuset.
Stykket held fram under biletet

Til Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernhuset blei registrert i SEFRAK-registeret i 1993. I den registreringa står det at det er flytta til bygdemuseet på Fjermedal. Der ligg det vakkert plassert mellom alle dei andre gamle bygningane i det idylliske bygdetunet. Bileta av kvernhuset i stykket her er frå museet.
