Dreiv munkar etter kopar i Hamregruva i katolsk tid?

Hamregruva med utsikt ned mot Byglandsfjorden. Foto.

Den eldste gruvedrifta i Setesdal kan etter folketradisjonen ha vore i Hamregruva i Bygland. Hamregruva ligg spektakulært plassert øvst oppe i eit stupbratt fjell på Hamre, på vestsida av Byglandsfjorden. Du kan lese meir om gruva i eit anna stykke her på Setesdalssida. Her har eg lyst til å fortelle litt om eitt av segnene […]

Soga – Kilefjorden

KIlesoga. Foto.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss, i dag meir som eit sund, i Otra ved utlaupet av Kilefjorden, ved Kile i Hægeland i Vennesla. Elva var opphaveleg veldig smal her. Det var som om ho vart «sugd ut» av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vatnspegelen i Gåseflåfjorden heva med 11 meter. Då kom […]

Fossevandring i Setesdal!

Reiårsfossen. Foto.

Det er mange flotte og spennande fossar i Setesdal. Her er fem av dei du kan glede deg med, og ein sjette som du kan sjå minst ein gong i året. Syrtveitsfossen Syrtveitsfossen er i Otra, ved Syrtveit, om lag 6 km nord for Evje. Det er ikkje ein spektakulær høg foss. Fallhøgda er bare 8,5 m. Men […]

Bjørgedalen – Hylestad

Skjellestøyl. Foto.

Det går mot sommar. I heile Setesdal er det utruleg mange fine stader å sjå og besøke. Både langs Riksveg 9 og i heiane på begge sider. Bjørgedalen i Hylestad er eit paradis for ein tur! På Bjørgum, som ligg tvers over Otra for Rysstad, kan du køyre (bomveg, mot betaling) eller sykle austover i […]

Nonåsen – Trydal

Nonåsen, eit lite rundt fjell ved Trydalstjønna. Foto.

Nonåsen er den karakteristiske, runde kollen på sør-vestsida av Trydalstjønni i Trydal i Bykle. Aanund Olsnes forklarar i Heimar og folk i Bykle, bind V, s. 119–120, at såleis heiter høgder i landskapet der sola, sett frå ein viss stad, står til nons, altså klokka to. Men ikkje nok med det! Klokka to står sola […]

Straumsfjødd

Straumsfjødd, Valle. Foto.

Straumsfjødd, eller Straumsfjellet som det står på mange kart, er eit langt og stupbratt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad i Valle. Du ser fjellet veldig godt, på andre sida av Otra, når du kjem farande på Riksveg 9 forbi Helle. Det strekk seg frå Andenapet, som du ser i bakgrunnen på biletet, […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Vatnedalen i Bykle: Kanelsnurrane berga dagen!

Kanelsnurr på Vatnedalsdammen

Eg var ein tur til Bykle og den enorme Vatnedalsdammen i forrige veke. Det blei ein annan slags tur enn eg hadde tenkt. Men alt-i-alt ein strålande sykkeltur i ukjent terreng! Her er ein liten rapport frå turen, henta frå Facebooksida «Setesdalssida» som eg også er administrator for. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, publisert på Setesdalssida på […]