Rysstad Turpark 29. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Rysstad Turpark – idyllisk skogstur!

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum.

Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her følger du skiltinga, og kjem tilbake til parkeringsplassen.

Rundturen er om lag fire km lang. Tidsbruken vil vere 1-2 timar. Terrenget stig ganske jamnt til toppen av løypa, som er etter måten lett å gå.

Stykket held fram under biletet

Turløypa ein sein oktoberdag i 2019. Foto: Geir Daasvatn

Gamalt kulturområde

Rysstad Turpark er eit nytt namn på eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer- og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn (bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av det ein ville ha opplevd hadde ein kome for 50 år sidan.

Brua i starten av turparken blei kalla Nautebrua, fordi det var brua som nauta (dyra) måtte over for å kome til beita lenger sør.

Korleis du kjem deg dit

Det er skilta avkøyrsle frå Riksveg 9. Du skal inn Haukedalsvegen, rett sør for Sølvgarden Hotell og Feriesenter.

Kos deg på tur!

Kart over området

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Rysstad turløype 29. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn
Starten på turløypa. Foto: Geir Daasvatn
Del "Rysstad Turpark – idyllisk skogstur!"