5000 bilete på Setesdalswiki

Kallefossbru nr. 1. Foto.

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki. Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når […]

Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!

Longerak kraftstasjon. Utsnitt av framsida på heftet. Foto.

Kathe Merete Kjetså legg i desse dagar siste hand på heftet sitt om Longerak kraftstasjon i Bygland. Longerak kraftstasjon blei bygd i 1915, og ligg som ei lita middelalderborg inne i skogen på oppsida av Riksveg 9 på Longerak i Bygland. Mange har nok aldri sett dette «eventyrslottet». Men stasjonen er framleis i drift, og […]

Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise med boka Setesdalsrosa mellom seg. Foto.

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise kjem i månadsskiftet november/ desember ut med dikt- og biletboka Setesdalsrosa saman. Anne Turid er gift med Øystein Frøysnes, og bur på Frøysnes i Bygland. Ho har skrive dikt i mange år, og legg dei endeleg fram for oss alle så vi kan glede oss over dei. […]

Husmannsplassen Hagen – i bilete

Stogehuset og stolpehuset i Hagen i vinterdrakt. Foto.

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]

Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend

Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend. Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg […]

Ein liten hyllest til Åraksbø

Solnedgang over Åraksbø i januar 2020. Foto.

Eg har setta saman eit lite hefte med landskapsbilete frå Åraksbø. Det er min vesle hyllest til denne vakre grenda, der landskapet er så umåteleg fint. Heftet har eg kalla Åraksbø – eit smykke i Setesdal. Det kom til etter eit innfall, ein kveld eg las ein gamal avisartikkel frå 2003 der Åraksbø er omtala […]