5000 bilete på Setesdalswiki

Kallefossbru nr. 1. Foto.

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki. Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når […]

Setesdalswiki med 95.860 artiklar ved årsskiftet

Kulturpatrulja. Dans. Foto.

1. januar 2024 er det 95.860 artiklar på nettleksikonet Setedalswiki. Godt nytt år! | Blog for Harald (setesdalswiki.no) 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. På dei snart 14 åra som er gått, har talet altså auka frå 1 til 95.860! Nye kjem til mest kvar dag. Siste døme er ein kort […]

Setesdalswiki i full gang igjen!

Setesdalswiki har vore gjennom ein periode på eit par månader med oppgraderingar, bytte av serverar og anna teknisk vedlikehald. Nå er nettleksikonet tilbake i full drift. Helge Haugland var teknisk ansvarleg for wikien. Han var eldste son til Reidun og Harald Haugland. Helge døydde diverre 3. november 2022, etter ei tids sjukdom. Eg skreiv litt […]

Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar!

Nettleksikonet Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar. Eit stort mål på sikt er 100.000 artiklar. Artikkelen er først publisert på OpplevEvje.no 2. mai 2020. Han er oppdatert med nokre små endringar til dagens situasjon. Eit nettleksikon er ikkje som eit trykt leksikon. Alt er ikkje gjort ferdig på førehand. 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. […]