Vekas bilete

Gullsmedmoen ferjestad

Gullsmedmoen fergestad. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Gullsmedmoen fergestad med den restaurerte fergehytta 14. oktober 2017. Hytta vart opphaveleg sett opp av Anders Sløgedal rundt 1945, fortel Reidar Tveito, og utvida noko i 1954. Foto. Geir Daasvatn

Gullsmedmoen var opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Hornnes, rett vest – over fjorden – for Byglandsfjord. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla «Monen» eller «Senumsmonen».

På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.

Den eldste kjerrevegen frå 1804 enda på Gullsmedmoen. Her har difor folk gjennom lange tider halde på med båtfrakt vidare oppetter Byglandsfjorden. Herfrå var det også organisert ferjing over på austsida av fjorden iallefall frå tidleg på 1800-talet. Ulike ferjer var i drift frå Gullsmedmoen heilt til 1966, då Senumsund bru stod ferdig.

I 1960 vart dei to kommunane Evje og Hornnes slegne saman til ein kommune. Gullsmedmoen og Senum høyrer såleis i dag til Evje og Hornnes kommune.

Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive svært mykje om lokalhistoria omkring Byglandsfjord, inkludert om Gullsmedmoen og ferjetrafikken. Eg nemner bare eitt av hefta hans under kjeldene nedanfor, men det finst mange fleire. Alle svært leseverdige!

Kjelder

  • Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, s. 16–18
  • Reidar Tveito, Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsford, 2018
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 82

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn