Vekas bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet

Fossefall i Hovassåna i Skrikarjuvet. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Hovassåna i Skrikarjuvet 17. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Trass i det litt «brutale» namnet, finst det små idyllar overalt i Skrikarjuvet!

Skrikarjuvet er eit smalt og djupt juv som Hovassåna renn gjennom før ho munnar ut i Åraksfjorden. Juvet er fullt av kjempestore, mosegrodde steinar, nedramla tre og busk og kratt, og helst litt tungvindt å ta seg fram i. Men her blei det bygd eit lite kraftverk som var i drift 1922–1939, og her var kvernhus.

I juvet ligg framleis betongdammen etter Åraksbø kraftverk igjen i åna. Litt ovafor dammen er eitt av mange små og litt større fall som elva gjer gjennom juvet. Fossen og den vesle kulpen framforbi er som ein liten, idyllisk oase i det litt «røffe» landskapet elles, tykker eg.

Det «slørete» inntrykket av vatnet i fossen kjem av at eg har stilt kameraet inn med lang lukkartid, her 1 sekund. Eg synest det ofte kan lage eit fint bilete. Det er vel det næraste eg kjem å ha litt «kunstnerisk sans»!

Fleire bilete

Kveld over Evje
Draumenatt over Bygland
Kva grunna dei på? Framtida?
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen