Vekas bilete

Kveld over den gamle husmannsplassen

Husmannsplassen Hagen i kveldsmørket 28. november 2023. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Kveld over husmannsplassen Hagen 28. november 2023. Foto: Geir Daasvatn

Den gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit populært fotomotiv. Her er eit sjeldan bilete av husmannsstoga i kveldsmørkret.

Eg gav ut eit heilt lite hefte med bilete frå dette «berømte» og sjeldne kulturminnet i Setesdal for ei tid sidan. Der er det med eit bilete tatt i skumringa. Men ingen heilt i mørkret.

Eg var difor ein tur oppover til denne fine, gamle husmannsplassen ein kveld nå i november, og tok nokre bilete i stummande mørkre. Til å helpe meg med litt lys hadde eg med ei lommelykt.

Eg har justert fargen i biletet litt i etterkant. Det var for å få vekk det unaturlege lommelyktlyset. Eg har også lyst opp biletet eindel, spesielt i skuggepartia. Eitt (av fleire) alternativ til å lyse opp i ettertid er sjølvsagt å forlenge lukkertida i kameraet når biletet blir tatt, og få alt slik du ønsker i første omgang.

I tillegg har eg gjort nokre andre små grep i redigeringsprogrammet for å prøve å få biletet til å sjå litt «gammelmodig» ut. Eg ønska det skulle sjå ut til å vere tatt på 1800- eller 1900-talet når staden var i full drift.

Det er moro å «eksperimentere» litt, og her blei ikkje resulatet så verst tykkjer eg.

Du vil kanskje også sjå

Les meir

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden