Vekas bilete

Draumenatt over Bygland

Natt over Nesmoen i Bygland 18. oktober 2024. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Natt over Nesmoen i Bygland 18. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Frå den lange rasmuren i Urdviki kan natta over Bygland sjå omtrent slik ut.

Laurdag 26. oktober var det opning av Vikingtidsutstilling og Europeisk Kulturminnekonferanse på Bygland. Merksemda Bygland og Setesdal fekk – og vil få langt utover kommune- og landegrensene etter den store dagen – må vere mest som ein draum for alle som ønsker å sette Bygland på det store kartet.

Assosiasjonar

Eg køyrde heimover frå Ose ein veldig sein kveld tidlegare i oktober. Eg trur det er på Containertech på Nesmoen det er sett opp nokre svære ljoskastarar på taket. Dei lyste så fint opp i oktobermørkret då eg kom forbi. Eg har leita fram dei bileta eg tok då, og prøvd å finne eit bilete som på ein litt draumaktig måte kan illustrere den situasjonen som eg tenker Bygland er i etter dei svære arrangementa den 26. oktober. Altså ein draumesituasjon! Så står det sjølvsagt att å utnytte denne pangstarten til eit godt løp vidare. Det er gjerne det vanskelegaste, og det som krev mest.

Kanskje biletet ikkje gir deg dei same assosiasjonane om ein draumesituasjon som meg. Men slik er det med denslags personlege uttrykk. Kva som er fint eller stygt, kva som er nydeleg eller bare heilt vanleg, kva som vekker interesse eller inga interesse i det heile, finst det som oftast ikkje eit opplagt svar på.

Litt fotoprat

Biletet er tatt med kameraet på eit stativ. Lukkartida er 20 sekund, og så lenge har iallfall ikkje eg ein sjanse til å halde kameraet heilt i ro. Blendaropning er f/11, og ISO er 1600. Eg har lyst opp dei mørke felta i biletet kraftig i Lightrom, og dempa det skarpe lyset, i redigeringa av biletet i etterkant. Eit lysare bilete kunne eg også fått til med kameraet med ein gong, til dømes ved å bruke lengre lukkartid. Men ikkje så reint sjeldan, vel heime igjen, kjem det andre tankar i hovudet enn då biletet blei til!

Heia Bygland!

Fleire bilete

Kveld over Evje
Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen