Vekas bilete

Otra – Straume

Otra forbi Straume og den gamle landbruksharven. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Otra renn stille forbi Straume og Hedde 18. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Otra forbi Straume i Hylestad er både mektig og ein liten idyll!

Eg synest landskapet er veldig fint forbi Hedde og Straume i Hylestad. Ofte har eg hatt det mektige Straumsfjødd som siktemål når eg har fotografert i det området. Fjellet som stig så stupbratt opp frå dalbotnen er verkeleg eit spennande motiv.

Men ein dag eg bare kikka meg litt rundt langs elvekanten borte ved Straumsbrua, kom eg forbi denne gamle høyriva. I høve til Otra og det enorme Straumsfjødd bak er ho sjølvsagt «ingenting». I storleik, vel å merke! For høyriva saman med elva og landskapet rundt laga på sin eigen måte eit storslått inntrykk – ei spesiell og god stemning – oppe i mitt hovud.

Det kom beint fram ein veldig ro over meg, mens elva stille seig forbi. Eg trur ikkje eg tenkte noko ein gong, eg bare sat der. Kanskje – sidan dette var rett etter 17. mai, den største festdagen i året – filosoferte eg litt over kor fin ein heilt vanleg kvardag også faktisk kan vere? Det var einaste Faksebekk som braut stilla med litt stemningsfull bakgrunnsmusikk i den nydelege vårstemninga.

Fleire bilete

Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden