Bykil – Botsvatn

Bykil og Botsvatn sett frå Jarekollen i Bykle. Foto

Frå Jarekollen rett ovafor Bykle kyrkjebygd får me eit fantastisk utsyn mot Bykil og Botsvatn i Bykle. På Jarekollen ligg dagsturhytta i Bykle, Jarebu. I artikkelen vår om Jarebu er vegen opp til toppen nærare forklart. Bykil Bykil som ligg til venstre på biletet er ei utviding i Otra. Det vesle vatnet er demt opp […]

Stavenes kulturlandskap

Stavenes kulturlandskap ein vakker julidag. Foto.

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere […]

Setesdalsbautaen på Lundane

Setesdalsbauta ved Lundane. Foto.

Dette er den store bautasteinen som står tett ved Riksveg 9 på Lundane, nord for Hovden, i Bykle. Steinen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalskrullen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form er ved Bjørgulv Bjørgum. Det står òg slike bautaer på Helle i Valle, i Hornnes og på Reiseodden i Bygland. I tillegg er det ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga er […]

Sarvsfossen – Bykle

Sarvsfossen, Bykle. Foto.

Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd var før reguleringane av Otra rekna som den største fossen i elva. Rett ovanfor fossen er elva demt opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974–1977) blei fossen overført i tunnel til Botsvatn. I dag går vatnet gjennom den same tunnelen til Skarg kraftstasjon […]

Heimtveiti – Nordbygdi

Det gamle våningshuset i Heimtveiti, Bykle. Foto.

«Vekas bilete» for veke 4 i 2023 er det vakre våningshuset på gardsbruket Heimtveiti i garden Tveiti i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Heimtveiti var heimen til tidlegare Bykle-ordførar Gunnar Å. Tveiten (f. 1899–d. 1981). Den eldste delen av huset skal vere frå om lag 1750. Husa i det opphavelege tunet blei flytta lenger opp i bakken, […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare blei det søkt om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i […]

Bjørnarå

På denne nye nettstaden min har eg lyst til å ha ei fast spalte, der eg ei gong kvar veke presenterer eit bilete som syner eitt eller anna motiv frå Setesdal. Eg må også ha med Åseral. Åsdølane er jo for lengst blitt ein del av det politiske samarbeidet i regionen, gjennom Setesdal Regionråd. Det […]