Helleren – Åseral

Gamle husmurar i vasskanten på Helleren. Foto.

Helleren ved Juvatn i Åseral er ein av mange gardar i landet vårt som måtte flyttast frå då framsteget kravde sitt. Helleren – eller Hedderen som åsdølane seier – ligg på vestsida av Juvatn, nord-aust for Bortelid, heilt nord i Åseral. Om du held fram nokre kilometer nordover til vegs ende, kjem du til heiegarden […]

Flårenden i Valle

Vakker sommardag ved Flårenden i Valle. Foto.

Flårenden er garden som ligg lengst sør i Valle sokn, ved søndre enden av Flåni i Otra. Nabogarden i sør er Uppstad i Hylestad. Mot nord ligg Bø. I dag kryssar Riksveg 9 Otra i Flårenden. Brua er bygd i samband med ei vegomlegging i 2004. Me ser ho litt til venstre i biletet. Ho avløyste ei sprengverksbru av stål, sett […]

Sordal – Bygland

Landskapet på Sordal, sett frå Tveit. Foto.

Sordal er ei lita grend aust og nord for Otra, lengst nord i Bygland. Sordalsheii (749 moh.), som me ser bak her, stig bratt opp frå elva. Vegen frå Heistad går gjennom Sordal og vidare nordover til Birkeland og Straume i Hylestad. Sordal har flest gravhaugar av alle gardane i Bygland. Gravhaugane på Nordre Sordaler […]

Heimtveiti – Nordbygdi

Det gamle våningshuset i Heimtveiti, Bykle. Foto.

«Vekas bilete» for veke 4 i 2023 er det vakre våningshuset på gardsbruket Heimtveiti i garden Tveiti i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Heimtveiti var heimen til tidlegare Bykle-ordførar Gunnar Å. Tveiten (f. 1899–d. 1981). Den eldste delen av huset skal vere frå om lag 1750. Husa i det opphavelege tunet blei flytta lenger opp i bakken, […]

Koland i Åseral

Koland, Åseral. Foto.

Koland er eit nedlagd gardsbruk ved den nord-vestre enden av Gyvatn i Åseral, i grenseområdet mellom Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Det går bomveg frå Espelid i Åseral inn til Koland og Gyvatn. Eit par kilometer sør for Koland, på vestsida av Gyvatn, ligg Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes kommune. Litt historie Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for […]

Bjørnarå

På denne nye nettstaden min har eg lyst til å ha ei fast spalte, der eg ei gong kvar veke presenterer eit bilete som syner eitt eller anna motiv frå Setesdal. Eg må også ha med Åseral. Åsdølane er jo for lengst blitt ein del av det politiske samarbeidet i regionen, gjennom Setesdal Regionråd. Det […]