Heddistoga er ei lafta tømmerstoge som står like bak Hylestad soknehus på Rysstad.
Stoga er etter spelemannen, læraren, fotografen, folkeminnesamlaren og kulturberaren Knut Jonson Heddi (1857–1938). Ho vert nytta under Setesdalsfestivalen til undervisning og intimkonsertar. Sida som vender mot nord har ikkje vindauge. På sørsida er det eit vindauge i kvart av dei to stogeroma.
Eit gamalt setesdalsloft
Opphaveleg var stoga eit loft (stabbur) som stod på gardsbruket Nistog på Rysstad. Nistog var garden til Arne (Åni) Olsson Rysstad. I samband med utskiftinga av heimemarka på Rysstad (avslutta 1882) måtte Åni flytte husa sine nord til det som seinare er blitt heitande Åkre. Han kom dårleg ut av dette økonomisk. Det blei tvangsauksjon i 1890, og garden blei delt i fire delar. Knut Jonson kjøpte 1/4. Hans del fekk bnr. 9. Andre delar blei kjøpte av lærar Knut T. Åkre og fleire andre.
Knut tok ned loftet og sette det ved sida av buret, med ei forstoge i mellom, på sin del av eigedomen. Det var i bakken på austsida av vegen, like nord for posthuset, er det sagt i gards- og ættesoga for Hylestad. Eg veit ikkje nøyaktig kor det er. Her budde han så i nærare 50 år av livet sitt, heiter det i Setesdal Spelemannslag si jubileumsbok til 50-årsjubileet i 1980. I om lag 40 år heldt han hus og spelte for ungdomen.
Restaurert og flytta
Seinare blei Heddistoga restaurert, og flytta bort til der ho no står bak soknehuset. Den kjende spelemannen Andres Knutsson Rysstad (bnr. 7) gav grunn til bygget.
Vilborg Stubseid Hovet har skrive ein fin artikkel om den sterke livssoga til Knut Jonson Heddi i Setesdal. Folk, kunst og tradisjon (red. Olav Bø, 1980). Eg har henta opplysningane i stykket her derfrå og i dei to andre nemnde bøkene.