Drenkadøl var ein husmannsplass øvst oppe i jordet på Rygnestad, mot Rygnestadåne.
I høgmellomalderen var staden truleg eigen gard. Yngste sonen til Vonde-Åsmund Rygnestad, Dreng, skal ha fått garden i arv etter faren.
Knut Torleivsson Rygnestad (f. 1769, d. 1846) og kona Gunhild Vigleiksdotter Rygnestad (f. 1778, d. 1857) er dei første me kjenner til som sat i Drenkadøl i nyare tid.
Ein hardt prøva familie
Etter dei blei sonen Torleiv Knutsson Rygnestad (f. 1818, d. 1859) med familie den neste husmannen. Denne familien hadde særleg harde livsvilkår, skriv Olav O. Holen i eit stykke om husmannsplassane på Rygnestad i Jol i Setesdal (2010). Fem av dei seks borna døydde før dei var to år gamle. Faren Torleiv fraus i hjel i skogen, berre 40 år gamal. Enka Jorunn (f. 1815 i Nistog Viki) greidde å livberge seg og den attlevande sonen Knut (f. 1847). I 1879 utvandra dei til Amerika.
Torleiv var den andre mannen til Jorunn. Ho hadde fyrst vore gift med Jon Åvoldsson Dysje (f. 1805, d. 1841) i Bykle. Jon var berre 35–36 år gamal då han døydde. Han drukna i Bossvatn, berre eit halvt år etter at han hadde gifta seg med Jorunn.
Olav Bjugsson Sagneskar (f. 1836) sat i Drenkadøl som forpaktar saman med huslyden sin frå rundt 1875. Plassen blei fråflytta først på 1880-talet, då Olav Bjugsson tok med seg familien og utvandra til Amerika.
Den gamle tufta
Tufta etter grunnmuren til den vesle stoga i eit lite tun ligg att i jordet. Etter siste utskiftiga på Rygnestad 1944–1950 høyrer grunnen til gardsbruket Systog (gnr. 23 bnr. 9) i Nørdre Rygnestad. I eldre tid høyrde det til Nordigard (bnr. 8).
Kjelder
- Olav O. Holen, Husmannen, stykke i Jol i Setesdal 2010, s. 12–15
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, Valle kommune, 1987, s. 390–393
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, bind III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, s. 49–50
- Olav M. Holen, Nordbygdi – slik ho var, 2. utgåve, 2013, s. 127–129