Kvernhuset til Der heime 19. august 2025. Bjørnaråni bak. Foto: Geir Daasvatn

Kvernhusa langs Bjørnaråni

Langs Bjørnaråni heilt sør i Bykle står to fine kvernhus.

Kvernhusa står på nordsida av elva, langs den gamle støylsvegen, eit stykke oppover i lia. Dei er avmerka på kart i SEFRAK-registeret.

Les også: Kornet frå åkeren til kverna

Der heime

Det fyrste ein kjem til nedanfrå er kvernhuset til Der heime (Bjørnarå, bnr. 2). Det tykkjest å vere i god forfatning sett utanfrå. I samband med SEFRAK-registrering i 1983 blei det teke mange foto av kverna. Bileta frå den gongen samanlikna med i dag syner at ho er fint restaurert. Mykje av vassrenna er intakt. Kvernkallen er også i god stand. Han er truleg reparert samstundes med resten av kverna.

I dokumentet frå SEFRAK-registreringa i 1983 er byggeår ikkje sagt noko nærare enn å vere før 1900. Innskrifter i tømmeret tyder på at kverna iallfall er frå fyrste halvdel av 1800-talet.

Stykket held fram under bileta

Vassrenna som fører vatnet ned på kvernkallen under kvernhuset til Der heime. Foto: Geir Daasvatn
Vassrenna og kvernkallen under kvernhuset. Når vatnet treff fjørene på kallen blir kvernkallen drive rundt. Foto: Geir Daasvatn

Der aust

Nokre få meter vidare oppover langs Bjørnaråni ligg kvernhuset til Der aust (Bjørnarå, bnr. 1). Huset har nytt bølgeblikktak. Vassrenna er for ein stor del nedrotna. Kvernkallen er teke ned og lagra under kvernhuset. I SEFRAK-registeret er også denne kverna kort tidfesta til før 1900.

Stykket held fram under bileta

Kvernhuset til Der aust 19. august 2025. Foto: Geir Daasvatn
Delar av kvernkallen til Der aust. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kvernene på Sordal
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kornet
Kvernhuset i Lislestog
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
To fine kvernhus i Kåvåne
Kvinnebekken på Dale

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.